Fylkesoordførar200817-250-kjellsnens Åshild Kjellsnes opna dei 10.ande Eikefjorddagane på scena i sentrum i ettermiddag. Åshild trekte fram at Eikefjorddagane er så triveleg og inkluderande. Sjølv har ho vore med frå starten i salgsteltet til ektemannen.

Åshild ba publikum kose seg og vere open for ein god handel, og god handel kan ein gjere under Eikefjorddagane.

Eit lite minus skal mange av publikum ha, mangel på respekt for talaren og mykje småprat så det var til tider vanskeleg å høyre Åshild frå scena er ikkje bra.

Etter opninga var det klart for det store kakebordet. 80 kaker i aller varianter, her fekk ganen leske seg - nam, nam..
20120817-525-kake

Utdelinga av Eikefjordprisen var i år flytta til fredagsprogrammet. To av bygdas profilerte personer fekk dette året prisen.

Reidar Høyset var først ute. Han har vore aktiv i organisasjonslivet i bygda i heile sitt vaksne liv, både gjennom dugnad og styreverv. Dugnadsånda er sterk og han er såleis eit framifrå førebilde for korleis ein kan vere med å skape grobotn for utvikling i bygda.

Steinar Karlsen representerer ungdom frå Eikefjord som er reist ut for å setje fotefar i verda. Gjennom musikken sin marknadsfører han bygda og fylket han kjem frå på ein framifrå måte. Samstundes er han ikkje framand for å kome heim og dele av seg her.
20120817-525-prisen

To andre som også vart trekt fram for sitt engasjement og dugnadsånd er Magnar Sunnarvik og Marianne Ullaland Knapstad. Dei vart belønna med ein tur på Alexandra. Godt at Eikefjord har slike gode ambasadører. Ein skal heller ikkje gløyme alle dei andre som i  år etter år har stilt opp og løfta Eikefjorddagane fram til eit kjempearrangement.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2