Eikefjorddagane er ei heil helg fylt med moro for store og små. For å få dette til er det mykje arbeid som må gjerast både før, under og etter arrangementet. Eikefjord grendalag håpar difor at mange kan stille opp og hjelpe til i dagane framover. Som takk for innsatsen får du kaffi og svele, i tillegg til triveleg sosialt samvere og godt samvet:)

Det vert dugnad i morgon, torsdag, frå kl. 18.00 og utover. Det er mest arbeid med rydding, planting, slåing og raking denne dagen.

Veka etter vert det dugnad tysdag, onsdag og torsdag; alle dagar med start kl. 18.00. Her treng ein hjelp til vasking, rigging av telt, pynting, møblering mm.

Då håpar vi å sjå deg på dugnad slik at alle kan få ei strålande helg i vakre Eikefjord.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2