I dag kl 12 stoppa Vegvesenet alle bilane på veg forbi bomstasjonen i Svarthumle slik at den høgtidlege opninga av bompengefri veg mellom Florø og Førde kunne markerast.
Tidlegare samferdselsminister Kjell Opseth som også opna tunellen fekk også æra av å heve bommen for siste gang. Samtidig oppfordra han bilistane til å kjøyre pent på den no så fine vegen mellom Sunnfjordbyane.
Elveigarlaget i Osen har klaga vedtaket om å gje Steinvik Fiskefarm løyve til å etablere eit matfiskanlegg i Veiesundet til Fylkesmann. Elveigarlaget viser til dei store problem lus kan ha for utvandrande smolt. Elveigarane har gripe tak i at laksen i vassdraget er utryddingstruga med å forslå å halvere fangsten. Slike tiltak har liten verdi dersom storsamfunnet ikkje følger opp med relevante tiltak.
Laurdag 18. september kl 20.00 vert det arrangert dugnadsfest på Allhuset. Grendalaget står for mat, og noko å drikke til måltidet. Det ein vil drikke resten av kvelden må kvar enkelt ordne med sjølve. Temaet for festen er country/western, så her er det berre å ta på seg cowboyhatten og bootsa! For påmelding ta kontakt med Magnar Sunnarvik på telefonnummer: 91374270.
Påmeldingsfrist: Måndag 13.september.
Resultat frå Humlestøl 17.01.10
søndag 17. januar 2010 18:40
Det tredje cuprennet gjekk på Humlestøl i dag. Austavinden hadde tatt ein del av snøen så det måtte på enkelte plassar måkast ekstra snø inn i sporet. Dette la på ingen måter demper på stemningen i og rundt sporet, her finn ein idrettsglede så det monner.