Årdal 2 kjem på besøk til Eikefjord i morgon. Kampen går kl 15 og alle er velkomne til stadion for å hjelpe fram heimelaget.
Evalueringsmøte om Eikefjorddagane.
fredag 27. august 2010 20:51
Tysdag 31.august kl. 20.00 vert det evalueringsmøte om ED 2010. Møtet skal vere i kafèen på Allhuset. Her skal vi mellom anna diskutere prioritering av det økonomiske overskotet. Vi håpar så mange som mogleg deltek på møtet!
Tradisjonen troer det dans 2. juledag. Det er Vi3 som skal syte for musikken så alle kan få ein svingom. Dørene opnar kl 21:00. Arr: Grendalaget og Skulemusikken.
Eikefjorddagane 2009 fredag
lørdag 15. august 2009 11:22
I strålande veir hadde mange møtt opp i sentrum for å overvære opninga av Eikefjorddagane 2009. Per Øyvind Sørbø og Brigt Samdal drog det heile igang med allsang med nyskreven Eikefjordsang av Åse Havn. Førde sin fargeklatt og multikunstnar, Oddvar Torsheim opna så Eikefjorddagane med gode ord om bygda, skjemt og munnspel og fekk fram smilet til tilhøyrarane som skal være heile helga og langt ut over hausten.