|
Kjoleparade under årets Eikefjorddagar! |
|
|
fredag 02. juli 2010 22:24 |
|
Vår eigen Berit Sørbø vil i år på Eikefjorddagane vise fram sin flotte eigensydde kjole frå 1860. Kanskje vil du òg sy deg eit antrekk, eller du er så heldig at du har eit liggande på loft eller i ein kjellar. No får du sjansen til å vise det fram, når kjoleparaden går gjennom sentrum av Eikefjord søndag 16 august. Her får vi kanskje sjå nokre gamle dressar òg? Det er berre å hive seg med i paraden, enten du har ein fin kjole å vise fram eller berre nokre gamle bukseselar og ein hatt? Slepp fantasien laus!
Eikefjord skulemusikk kjem i sine flotte uniformer og skapar god stemning med korpsmusikk i front av paraden.
Er dette noko for deg? Meld deg på til Berit Sørbø på mobilnr:95891979, eller til Iris Agledal på mobilnr:91593074
Dette blir moro!! |
|
Tap for A-laget |
|
|
torsdag 01. juli 2010 18:20 |
|
Saga og Eikefjord avslutta vårsesongen med å tjuvstarte på haustsesongen. Resultat vart 4- o til Saga. Dei oransjekledde heilt fortent, og det var trist å sjå det som var vist ut på bana i dag. Det var lite som stemte, og ein flytta ikkje bein slik ein burde ha gjort i mot eit så godt lag som Saga.
Les meir hos Eikefjord-fotball |
|
VM 2010 på Nærleiken |
|
|
torsdag 01. juli 2010 07:51 |
|
Vi er i fotballmodus, og vil vise kamper på storskjerm. Kom og se fotball i sosialt lag på Nærleiken! Ikke ta med vuvuzela....
|
|
Les mer …
|
|
Børsemaker Reidun |
|
|
onsdag 30. juni 2010 22:29 |
|
Sist måndag avla Eikefjord-jenta Reidun Knapstad fagprøva som børsemakar.- Prøva gjekk stort sett greit, seier jenta som har drive aktivt med skyting frå ho var 11 år gammal.
Les meir i Firdaposten |
|
Stengt på Frisørbua |
|
|
onsdag 30. juni 2010 09:57 |
|
Frisørbua har stengt veke 29 som er 19 - 24 juli.
Dei har også stengt tirsdag 6. juli. |
|
Ny butikk |
|
|
mandag 28. juni 2010 22:42 |
|
Siste tilskudd på butikkfronten i Eikefjord er fire optimistiske damer som skal starte butikk i dei tidlegare lokalene til Eikefjord Blomster. Her vil de finne blomster, men og ein del andre varer til hus og hobby. Vi satser på å vere klar med heile butikken til Eikefjorddagane, men vil vere å finne i lokalene allereie frå midten av Juli, slik at du skal få kjøpe blomster om du trenger det.
Helsing fire damer på In-spire. |
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 4 av 134 |