Hovlandstøylen - Strandanipa

Start: Garasja innanfor idrettsparken
Tid: 2t 30 min opp / 2 t ned
Høgd: 20 - 650 m.
Lengd: 6 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Følg rutebeskrivelse opp til Hovlandstøylen

Grei tur også vinterstid.

Vanskegrad:

merking-rod-vandrermerking-rod-ski

 

Blå prikkar viser anbefalt rute vinterstid.
Det er også vist ruta opp frå Kvalvikstøylen  og ruta vidare til Litjenipa/Flatenipa/Nipevatnet. Stiane er ikkje godt oppgådd.

Hovlandstøylen er eit godt utgangspunkt for fleire turar. Turen vidare treng ikkje vere så strabasiøs som turen opp til Hovlandsstøylen

Her er vist to stiar som fører til Strandanipa. Den første går ut Vassbotn og opp lia utanfor Vassbotnevatnet. Stigningen opp utanfor vatnet er hard. Det er også fint å følge vatnet utover og gå opp fra vassenden.

Ein kan også gå oppfrå Kvalvikstøylen og opp mot same stignigen som utanfor Vassbotnevatnet som vist på bilde.
Dei to stiane møtest innanfor Inste Strandastøylen. Her står det no ikkje sel, men ein finn steinmurane og ei flott utsikt utover Strandafjorden.

Image

 

Den andre stien som eg vil anbefale følger stien mot Nipevatnet som er blå på bilda. Begynnelsen av stien er skilta og ein følger Lomelia utover.

Stien utover er ganske flat, men med ei mota som fører til toppen i himmelsjå. fortset ein utover og ned mot kanten og følger stien ut til sjølve varden som er ute på den karakteristiske nipa.

Image

 

Etter ein er komme over toppen i himmelsjå på bildet over er ein på det høgaste punktet og ein fortset utover og ned mot kanten. Det er ikkje godt opptrakka stier her, men varden er utanfor toppen ein ser på bildet. Stien ut til sjølve varden går nede på kanten og gir eit fantastisk oversyn over strekket frå Kvalvik og utover.

Image

 

Fortset du litt ut om varden ser du sprekka i fjellet som gjer at gardane nedanfor nipa er fråflytta. Leitar du litt ser du bolten som blir brukt til kontroll av rasfaren. Når du er utpå denne delen av nipa kjenner du godt usikkerheten i kroppen. Er det nett no nipa skal rase ut? Sist det gjekk ras er seiest det at blokka var i bakken to ganger før den for i fjorden. Ein gang ovanfor gardane og ein gang nedanfor veien.

Image

 

Går du enda lenger ut mot kanten får du ein herleg utsikt over Tonheimslia og utover mot Hatleset og Grov.

I dette området er det komme ny veg som går i marka ovanfor Hatleset.

Image

 

Nøyer du deg med utsikta frå varden ser du Hatlesetnipa, Sundefjellet, Brandsøya og Floralandet utmed fjorden.
Image


kart-strandanipa-600

Informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

Copyright: Odd Asle Endestad

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2