Sunnarvik - Vikanipa

På sørsida av fjorden ligg Vikafjellet. Inste toppen, Vikanipa gir eit fantastisk utsyn mot Sunnarvik og Eikefjorden.

Image

Stien oppover er merka med røde merker på steiner og trær, men man må passe godt på for det er lett å komme ut av stien.

Ein køyrer ned i Sunnarvika og fortset utover til ein kjem til den første motaen. Her går det ein skogsveg oppover som ein skal følge.

Grunneigar ønsker ikkje parkering på privat veg så her må man finne seg ein plass om ein kjem med bil.

Fortset innover traktorvegen, i enden er det sett opp eit skilt som viser begynnelsen på stien.

20060611-550-vikan002

 

Ein fortset innover flata på stien som går her. Ein skal litt oppover, men motaen begynner ikkje før ein kjem fram til steinen på bildet.

Image

 

Her vender ein nasa oppover og utover igjen. Pass på merka oppover, det er lett å komme litt for lavt i terrenget. Når det flater ut igjen kjem du til to små tjenn som skal ligge på venstre hand.

Det er lett å sjå hammaren du skal runde for å komme deg vidare oppover.

Her kan du gå opp berget som ser ganske sleipt ut. Bruk buska som trinn og tauet som er lagt ut så går det greitt. Det er også sti rundt berget som er enkel å gå.

Pass på merkinga vidare. Du skal ganske nær inntil fjellveggen, men ikkje helt bort i den borteste slukta.

20111023-400-vikanipa005

 

Her er vi komne opp på ei myr. Du finn igjen stien på baksida av eina. Stien er lett å følge heilt til du er oppe på kanten. Image

 

Når du kjem opp på kanten bør du snu deg og sjå korleis det ser ut der du skal ta av for å treffe stien ned att. Det er no lagt ut tau for tydeleg å vise kor du skal treffe stien ned igjen.

 

Image

Du skal stort sett følge kanten oppover mot Nipa. Følger du den merka stien får du den lettaste turen. Pass på å ikkje komme for langt ut. Blir det vankeleg å komme fram er du for langt ute på kanten. Snu og gå tilbake og kom deg litt lengre inn frå kanten.

Endeleg er målet i sikte. Den vanlegaste ruta går sør om Nipa. Denne ruta er lett å følge opp til topps.

Ruta på nordsida er litt vansklegare, men er merka med steinar og orange merker. Den gir eit flott utsyn over bygda og fjorden mens du går oppover. Treff du riktig er det ikkje klatring her heller.

Image

 

Her er den vanlegaste ruta inntegna. Her er fint å gå oppover. Pass på nedover, det er lett å komme litt for høgt oppe når ein skal runde fjellenden.

Image


Vel oppe og ei fantastisk utsikt møter deg.
Velkommen til Vikanipa 607 m.o.h.

Image

Vikafjellet er ulendt å gå i. Det går godt an å gå vidare herifrå og ut til Mannen og derfrå ned i Prosemyra.

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

Copyright: Odd Asle Endestad

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2