Skribent: Geir S V

  • Fotballfest i Allhuset tysdag 7. november kl 17-19.

    I morgon tysdag 07. november går den tradisjonelle årsfesten for aldersfastlagd av stabelen i Allhuset kl 17-19. Spelarane klubben skal setje stas etter ein flott sesong er spelarane i klubben frå 5 år til 15 år. Foreldre, besteforeldre, søsken, trenarar, oppmenn/dame, dommarar og naboen er  hjarteleg velkomne! Vel møtt!

  • A-laget spelar kamp i dag kl 19 heime mot Eid 2.

    A-laget spelar kamp i dag kl 19 heime mot Eid 2.

    A-laget spelar kamp heime i dag måndag kl 19 mot Eid 2 på graset. Kiosken er open og inngangsbilletten din er som vanleg betalt av Steinvik Fiskefarm. Vel møtt, karane set pris på gode kommentarar frå tribuna!

  • Eikefjord-Tambar i Kvalvika i kveld fredag kl 19.00

    Lokaloppgjer i Kvalvika i dag, Tambar kjem på vitjing og vi ventar nok ein spanande kamp. I forrige kamp vart det heile 12 mål. Kiosken og open og det er som alltid gratis inngang, Steinvik har betalt billetten din. Vel møtt!

  • Robert fekk drøymetreff…

    Robert fekk drøymetreff…

    ..men diverre ikkje på mål. Robert Aarseth fekk drøymetreff då han under kampen mellom Eikefjord og Honndalen i går sparka ballen langt ut or bana som eit ballistist missil. Ballen regelrett skaut fart frå foten til Robert, ballen steig høgare og høgare i retning parkeringsplassen. Tida stod stille då ballen var på veg ned att, …

  • A-laget og småjentene med kamp fredag 21. august

    A-laget og småjentene med kamp fredag 21. august

    Kl 17.30: Eikefjord-Askvoll/Holmedal, J 13/14 Kl 19.00  Eikefjord-Hornindal             , A-laget Kiosken er open, vel møtt!    

  • A-laget spelar borte mot Førde 3 måndag 10.august

    A-laget spelar borte mot Førde 3 måndag 10.august

    Haustjakta er i gang! I morgon måndag 10. august kl 19.00 spelar A-laget borte mot Førde 3. Ta turen gjennom tunnelen og støtt dei orangekledde du og . Kampen går i Hafstadparken, der har dei både kiosk, popanlegg og utandørs treningsstudio, vel møtt!

  • Quiz og Champions League finale på Inspire i kveld

      I kveld laurdag 6. juni vert finalen i Champions League vist på In-spire. Sjølve finalen byrjar kl. 20:45, men forspelet startar allereie kl. 18:30. I tida før finalen vil det verte fotball-quiz. Ein kan vere alt frå to til fire personer per lag. Alle kan vere med. IKKJE INTERESSERT I FOTBALL SEIER DU? Sosialt…

  • A-laget spelar heime fredag kl 19.00

    A-laget spelar heime fredag kl 19.00

    Eikefjord-Stryn 2 på bana i Kvalvika kl 19.00 i morgon fredag. Per-Øyvind, Håvard, Trygve og resten av laget håpar å sjå nettopp deg på tribuna i finvèret i morgon. Les meir om kampen her, gratis inngang, Steinvik Fiskefarm har betalt billetten din, vel møtt!

  • A-laget spelar kl 12 heime laurdag

    I morgon laurdag spelar A-laget sin fyrste treningskamp for året kl 12.00 heime mot Bremanger. Per-Øyvind og spelarane er klar, vel møtt til kamp!

  • Sleiva 2014 laurdag

    Lyst til å spele fotball i gymsalen laurdag 3. juledag kl 16.00? Bli med på Romjulsleiva du og, meld på lag på tlf 480 24 999. Les meir her og sjå face her.