-

·
Kamp på bana i dag og laurdag
I dag fredag spelar A-laget til Eikefjord heime mot Selje kl 19.00. I morgon laurdag kl 13.00 spelar damelaget til Førde 2. divisjonskamp mot Haugar, medan kl 16.30 same dag spelar Saga 3.divisjonskamp mot Sotra. Vel møtt på bana til desse kampane og les meir på www.eikefjord-fotball.no
-

·
Mykje fotball på bana dei komande dagane
I dag torsdag spelar G 12 kl 18.00, medan kl 19.00 spelar damelaget mot Sogndal. På fredag kl 19.00 spelar vårt eige A-laget mot Flatraket, medan Førde og Voss spelar 3.divisjon på laurdag kl 15.00. Elles kan ein lese om fotballfamilien Hopen i gårsdagens papirutgåve av Firda. Vel møtt til ei bane bada i sol desse dagane!…
-

·
Bremanger kjem på besøk
A-laget til Eikefjord skal spele kamp på grasbana i morgon fredag kl 18.30. Etter seks poeng på to kampar vert det spanande å sjå om Bremanger klarer å hamle opp med Mjølkeråen sine gutar. Vel møtt!
-

·
Komande kampar på bana
-I dag laurdag kl 16.00 Saga-Eid, 3. div herrar -Måndag 30.04 kl 17.30 Eikefjord-Førde 2 smågut grasbana -Måndag 30.04 kl 19.00 Eikefjord-Eid 2 5. div herrarkrøllgrasbana -Måndag 30.04 kl 21.00 City-United klubbhuset Velkomen til bana til desse kampane!
-

·
Nyhende frå fotballgruppa
-Onsdag 25. april kl 18-20 vert det barnefotballkveld. -Torsdag 26. april kl 18-19 vert det Kick Off seriestart på Allhuset. -Denne veka er det og klubbveke for Eikefjord på Sporten Førde Sport med mellom anna 30 % rabatt på alt Umbro-utsyr, samt 50 % på fotballsko. Les meir på www.eikefjord-fotball.no
-
·
A-laget spelar kamp på bana i dag kl 18.30
Eikefjord sitt fotballag for herrar spelar i dag treningskamp mot Anga på bana i Eikefjorden kl 18.30. Vel møtt!
-

·
Både damelaget og herrelaget til Førde serieopnar i Eikefjorden i helga
-Trening i kveld kl 18.00 Førde damer -Lørdag kl 16.00 Førde –Øystese, A-lag herrar 3. div. -Søndag kl 13.00 Førde –Klepp 2 , damelag Førde 2. div. Begge Førde sine seniorlag serieopnar i Eikefjorden denne helga. Vel møtt til dei skodelystne og les meir på www.eikefjord-fotball.no
-

·
Førde-Vik på bana i dag kl 15.00
Førde-Vik, kval 1. runde NM, Eikefjord idrettspark, i dag måndag 9. april kl 15.00 2. påskedag Eikefjorden vert kamparena då kvalifisering til 1. runde i NM går av stabelen mellom Førde og Vik i dag 2. påskedag. Kampstart er kl 15.00. Vel møtt til laga, dommar og publikum! Les meir på www.eikefjord-fotball.no
-

·
Eikefjord Cup 2012
Fotball: Florø 2 vann Eikefjord Cup 2012. Sjå bilete i frå cupen laurdag her. Les meir på www. eikefjord-fotball.no
-

·
Vårens vakraste eventyr-no for 30. gang!
Det sikraste vårteiknet i Eikefjorden er heilt klart den tradisjonsrike Eikefjord Cup. I år har cupen sett dagens lys samanhengjande i 30 år heilt sidan den aller fyrste cupen i 1983. Den gong var det Sogndal som stakk av med sigeren. Fotballgruppa ynskjer laga, dommar og alle dei skodelystne hjarteleg velkomen til bana fyrstkomande helg,…