-
·
Flott sak om badestranda i Firda
«Kiosk, do og parkering rett ved stranda gjer Eikefjord attraktivt i desse dager.» Les saka her.
-
·
Kiosken på stranda er open
På fine dagar med masse folk på stranda så held Mr Sunnarvik kiosken open med sal av til dømes pølse, brus, is og vaffel. Det er fantastisk å ha kiosk på ei strand av denne storleiken, så oppfordringa blir sjølvsagt å bruke ho. Mr Sunnarvik tek både kort og kontant.
-

·
Minibuss til leige
Ynskjer du leige ein oransje minibuss med 16 sete? Fotballgruppa har ein flott slik ein til utleige.
-
·
Velkomen til Solheimsløpet 2013 i morgon laurdag kl 19.00
Fylg riksvegen fem kilometer austover, ta av ved Storebru og fylg vegen litt nord og oppover, der ligg Solheim, ei lita fjellbygd omringa av snødekte fjelltoppar i vakker natur. Vestre Hyen si naturperle er sjølvberga med både lensmann og sauedrift, postkasse og eiga TV-antenne for Riks TV. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola…
-

·
Veikingkonvoi i helga
I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 17. gong. Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Eikefjordingar, Ålfotingar og andre føter gjort at ein rustar seg til landets største båtkonvoi!
-

·
Fotballfest i Førde i dag på Sport 1 for store og små
I dag kl 17-19 er det fotballfest i Førde på Sport 1 med mellom anna Liverpool-legendene Bruce Grobbelaar og Phil Neal. Mellom anna er laseren er på plass og den som skyt hardast vinn fotballsko til 2500,-, samt at triksekongen Carl Martin kjem i lag med fleire spelarar frå Førde sitt A-lag. Det er 30…
-

·
A-laget spelar heime kl 19 fyrstkomande fredag
Kl 19.00 fredag 21. juni spelar A-laget heimekamp mot Selje. Kiosken er open og som vanleg vert det trekking av premie på lodda du får i kiosken. Gratis inngang,Steinvik Fiskefarm har betalt billetten din. Vel møtt:)
-

·
Tine Fotballskule i veke 27
Tine Fotballskule 2013 i Eikefjorden vert arrangert i veke 27, altså måndag 1. juli til og med torsdag 4. juli. Aldersgrense er frå 6 til 14 år. Pris er 500,- og tidspunkta er kl 10-14 måndag til og med torsdag 1-4. juli. I fjor var det fire flotte dagar på Tine Fotballskule i Eikefjorden. Både instruktørane…
-
·
A-laget spelar kamp på fredag
A-laget spelar toppkamp i 5.div avd 2 mot dei gulkledde Tambar frå Naustdal fyrstkomande fredag. Kampen skulle eigentleg ha gått i Naustdal, men det er arbeid gang på bana der inne denne veka. Eikefjorden ligg på toppen av tabellen, medan Tambar ligg på plassen bak. Kampen går altså i Eikefjorden fredag 14. juni kl 19.00. Hugs at på kvar heimekamp…
-

·
A-laget med kamp i morgon laurdag kl 15.00
A.laget spelar kamp i morgon laurdag kl 15.00. Laget har vunne alle seriekampane til no, så vi får sjå kva Mjølka og co kan utrette mot dei gulkledde. Vel møtt!