Skribent: Michael

  • Framside

    Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane. Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 – 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med…

  • Asfalteringsarbeid på RV5

    Vegvesenet informerer om at det i neste veke blir asfalteringsarbeid på vegen mot Florø. Det skal leggast 600 meter ny asfalt utover. Resten utover mot Timbreneset, i Kvalvika og på rasteplassen skal det asfalterast før sommarferien.

  • «Hovlandstøylen Opp» sundag 2.juni 2013

    «Hovlandstøylen Opp» sundag 2.juni 2013

    Hovlandstølen Opp –  Eikefjord sundag 2. juni. Løypa går frå garasje v / Fylkesvegen i Kvalvika og til Hovlandstøylen som ligg på 475 meter over havet.Startnr hentast v/klubbhus Eikefjord Idrettspark. Det er lagt opp til konkurranseklasser med start kl 13.00 og trimklasse med start kl 11.00. Oppe i Hovlandslia vil det være drikkestasjon og i målomradet kan ein få meir drikke…

  • Lavvobase Nipevatnet

    Lavvobase Nipevatnet

    Lavvoen ved Nipevatnet blir tatt ned om vinteren og er ikkje sett opp igjen endå. Kva kan ein finne på ved NipevatnetI Nipevatnet er det gode moglegheiter å få fisk!Det er fine turmoglegheiter i området, her kan vi nemne Blånipa, Flatenipa, Likkjenipa, Strandanipa og utsiktsplassar mot Nordalsfjorden. Stiane til desse plassane vil vi prøve å…

  • Eikefjordrennet 25.02.2007

    Eikefjordrennet blei avvikla idag i strålande veir. Det var ypperlege forhold i løypene og dei fleste kom inn på ny personleg rekord på sin distanse. Det var skuffande liten deltakelse utanom laget. Det stilte ein frå Tambarskjelvar, ein frå Jølster og 5 frå Førde. Dette skuldast mykje at skikretsen har flytta eit skirenn i Gloppen…

  • Rasteplassen

    Rasteplassen

      Når det vart bygt ny riksveg 5 utanom sentrum i Eikefjord vart det samtidig planlagt ein rasteplass med høg standard.Rasteplassen har toalett som er åpe i sommarsesongen. Det er opparbeidd plass med benker og i terrenget er det laga ein sti der ein får ei fin utsikt over sentrum i bygda.      

  • Fleirnasjonalt på løpskarusellen (2006)

    40 deltakarar frå rundt eit dusin ulike land frå heile verda, stilte på startstreken då det tredje løpet i løpskarusellen for Sunnfjord gjekk av stabelen i Eikefjord sundag 15. oktober. Dei internasjonale innslaga stod Kip Sumner og elevane hans frå UWC i Fjaler for. Løypene var som vanleg 3 og 6,5 km dels på bane,…

  • Resultat og bilder Hovlandstøylen opp 2006

    Resultat og bilder Hovlandstøylen opp 2006

    Hovlandstøylen opp blei arrangert idag i til dels dårleg veir. Turgåarane la ut mellom bygene, men dei fleste fekk både ei og to byger før dei kom seg opp på Hovlandstøylen. Trass dette var det 82 turgåarar som tok turen oppover Hovlandslia. I konkuranseklassen var det 30 herrer og 7 damer på startstreken. Dette gjekk…

  • Eikefjorddagane 2011

    Program for Eikefjorddagane 2011 Fredag 12. august   17:00 Opning av Eikefjorddagane 2011ved Hans Jakob Reite (kjend som kulturkritikar i NRK) i sentrum ved Sparebanken sitt gamle lokale. – Gratis kaffi og kaker – Song og musikk av Steinar Karlsen, Laila Beathe Førde og Bjørn Wilhelmsen 18:00 Opning av kunstutstillinga. Åge Steinset. 1. og evt.…

  • Der alle er vinnarar (2006)

    Der alle er vinnarar (2006)

    Årets Eikefjordkarusell har vore ein suksess. Vergudane har sett på oss med blide auge, og deltakartalet har vore jamnt stigande. Uttrykket «Øving gjer meister» stemmer godt med det vi har sett av dei unge idrettsutøvarane, resultata har jamnt over vorte betre og betre.