-
·
Avlysning av julekonsert
Styret i Koriander har i kveld vedteke å avlyse julekonsertane som var sett opp 19. desember. Dei som allereie har betalt billettar vil få dette refundert i Vipps. Vi kan ikkje gjere anna enn å sjå framover og starte planlegging av eit nytt korår. Vi legg ved ei lenkje til fjorårets konsert og vil med…
-
·
Viktig info om julekonsert!!
Kjære bygdefolk. Grunna nye retningslinjer for smittevern er det gjort nokre endringar på gjennomføringa av billettsal og sjølve julekonserten søndag 19. desember. Det blir to konsertar denne dagen: Kl. 17.30: Koriander, diverse gjestar og Eikefjord skulemusikk. Kl. 19.30: Koriander og diverse gjestar (utan skulemusikk) Etter avklaring med kyrkjekontoret er det berre mogleg å…
-

·
Julekonsert i kyrkja 19. desember
«Midt i hårdest vinter…» Godt folk! Adventstida er over oss, med gleder og sorger hand i hand. Du spring gjerne føtene av deg mellom butikkar i vona om oppfylle alle ønske og forventningar, slik at julekvelden blir perfekt? Eller kanskje du er lei av alt ståket og kjøpepresset, og heller vil prøve å finne den…
-
·
Skulestart 2016
EBU vil ønskje alle elevar hjarteleg velkomne til nytt skuleår måndag 15.august! Vi startar opp med fellessamling i amfiet for alle elevar og tilsette kl.0845. (Skulebussane kjem då litt tidlegare forbi der de har busstopp, t.d.kjem bussen frå Humlestøl ned til Storebru kl.0825)
-
·
Sparebankstiftinga med gåve til fleirbrukshallen!
Eikefjord grendalag søkte i mars Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om støtte til innkjøp av diverse utstyr i hallen. Onsdag kom meldinga om at dei hadde vedteke å støtte bygda med kr 100 000,-. Dette kjem godt med når vi veit at det trengs store investeringar til sceneutstyr, dekketøy til fleire hundre personar, lagerutstyr mm. Vi er særs takksame for…
-
·
Vårrensk i bygda, tysdag 3. mai
Det nærmar seg sommar og det er tid for den årlege vårrensken i bygda. Eikefjord grendalag håpar så mange som mogleg kan stille opp. Dugnaden blir tysdag 3. mai frå kl. 17.00. Oppmøte ved servicehuset på Sørbøsanden. Det er mange arbeidsoppgåver som må gjerast, så dei fleste skulle nok finne noko dei kan bidra…
-
·
Er du over 14 år og vil ha ein sommarjobb?
Eikefjord grendalag ønskjer også i år å lyse ut jobben med drift av kiosken på stranda. Kioskdrifta er ikkje timeløna arbeid, men den/dei som driftar kiosken beheld alt overskotet sjølv. Du som søkjer må vere ansvarsfull, påliteleg og serviceinnstilt. Er du under 18 år må du også ha godkjenning av føresette. Er du interessert? Send ein kortfatta…
-
·
Dugnad til ED
Eikefjord grendalag minner om at det som vanleg blir dugnad måndag – torsdag før eikfjorddagane. Nærare informasjon om type arbeid og behov for utstyr kjem seinare. Grendalaget stiller med kaffi og sveler. Om nokon har moglegheit til å hjelpe til med slåing av gras denne veka blir vi veldig takknemlege. Ta i så fall kontakt…
-
·
Nytt folkemøte om fleirbrukshall!
Onsdag 11. februar vert det kalla inn til nytt folkemøte om fleirbrukshall, på Allhuset kl. 20.00. Grendalaget vil her informere om kor langt vi er komne i prosessen i forhold til økonomi/finansiering og opne for alle gode innspel til vidare arbeid. Vi har kort tid og må dra lasset saman for å kome i mål innan fristen.…
-
·
Invitasjon til folkemøte/storforeldremøte
Søndag 25. januar blir det halde storforeldremøte/folkemøte på Allhuset kl. 18.00 i samband med ny skule. Skanska vil då presentere prosjektet og vere tilgengelege for spørsmål. Skulen vil informere om framdrift og samspel knytt til skulen. Eikefjord grendalag vil informere om framdrift og arbeidsplanar med tanke på realisering av fleirbrukshall. Vel møtt. Arrangør er Eikefjord…