-
·
Endra klokkeslett for årsmøte i Eikefjord grendalag.
Fredag 18.mars er det årsmøte i Eikefjord grendalag. Møtet byrjar kl. 18:30, og dugnadsfesten byrjar med ein gong møtet er ferdig. I år må alle møte i kostyme, for her blir det karneval for alle penga! Det blir blandt anna koldtbord, velkomstdrink, karaoke og pinata. Sal av drikkevarer. Dersom du vil delta på dugnadsfesten, må…
-
·
Minner om årsmøte i Eikefjord grendalag, etterfulgt av dugnadsfest (karneval).
Fredag 18.mars er det årsmøte i Eikefjord grendalag. Møtet byrjar kl. 19:00, og dugnadsfesten byrjar kl. 20:00. I år må alle møte i kostyme, for her blir det karneval for alle penga! Det blir blandt anna koldtbord, velkomstdrink, karaoke og pinata.
-
·
Minner om pubquiz i kveld på Allhuset.
Vi minner om årets første pubquiz, i kveld på Allhuset. Dørene opnar 20.30 og quizen byrjar 21.00. Maks seks medlemmar på kvart lag. Vel møtt! Koriander
-

·
Pubquiz laurdag 5. mars på Allhuset
Det var Koriander som i si tid starta med pubquiz. Grunnen var at bygda stod utan eit pubtilbod. Når Nærleiken vart etablert, gav koret dette arrangementet vidare til dei. No er Nærleiken diverre under avvikling og bygda vil, etter alt å døme, stå utan pubtilbod igjen. Difor har Koriander sett av fem pubquizar dette året. Det…
-
·
Ekstraordinært årsmøte i EIL Fotballgruppa
Det vert ekstraordinært årsmøte i EIL Fotballgruppa 16. februar kl. 21. på klubbhuset. Saka som skal handsamast er nytt val til styret.
-
·
Årsmøte i Eikefjord grendalag, etterfulgt av dugnadsfest (karneval)
Fredag 18.mars er det årsmøte i Eikefjord grendalag. Møtet byrjar kl. 19:00, og dugnadsfesten byrjar kl. 20:00. I år må alle møte i kostyme, for her blir det karneval for alle penga! Det blir blandt anna koldtbord, velkomstdrink, karaoke og pinata. Sal av drikkevarer. Dersom du vil delta på dugnadsfesten, må du melde deg på til Magnar…
-
·
Buss til Eikefjord etter «Fag og Fest»
Eg har også i år leigd felles buss frå Florø til Eikefjord etter «Fag og Fest». Skulen, barnehagen og heimetenesta har felles påmelding. I tillegg kan andre gode eikefjordingar som er tilsette eller folkevalde i Flora kommune, melde seg på. Eg lagar ei liste på dette. Prisen vil verte mellom 50 og 70 kr per pers. Bussen…
-
·
Minner om årsmøte i EIL Fotballgruppa
Minner om årsmøte i EIL Fotballgruppa i morgon kl 18.00 på klubbhuset. Alle medlemmer er hjarteleg velkomne. Styret
-
·
Årsmøte i EIL Fotballgruppa!
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i EIL Fotballgruppa, tysdag 1. februar kl. 18.00 på klubbhuset. Det vert handsaming av vanlege årsmøtesaker. Eventuelle framlegg til saklista må vere styret i hende seinast torsdag 26. januar.
-
·
Eikefjordkalenderen 2011 er i sal!
Eikefjordkalender 2011 har vore i sal frå ca. midten av desember. Kalenderen kan du kjøpe på Spar, In-spire og Nærleiken. Den kan og kjøpast på Økland Libris i Florø. Elevar i 10.klasse ved Eikefjord skule reiser og rundt omkring i bygda og sel kalenderen. Denne kalenderen er den aller siste Eikefjord grendalag produserer, og inneheld som…