-
·
Minner om jonsokfeiring.
Det vert jonsokfeiring på Allhuset onsdag 23. juni frå kl 17.00 Sal av rømmegraut, mylse, kaffi, kaker, pølse m/brød og brus. KL 18.00 Tog med brudepar, hest og spelmann. KL.20.00 Tenning av bål på stranda. Storgrill vert tent. Sal av grilla pølser,hamburgarar, chips, brus og kaffi. Alle er hjarteleg velkomne. ARR: Eikefjord Grendalag
-
·
Veikingkonvoi laurdag 26.juni
Laurdag 26.juni vert det for fyrste gong arrangert Veikingkonvoi i Eikefjord. Arrangementet startar ca. kl 14.30, og varer til ut i dei små nattetimar. På programmet står blant anna riding, trubadur og allsang, sal av grillmat osv. Dette skjer på området på baksida, og sør for Sjøhuset. Torsdag kjem det ei 60 m lang flytebrygge…
-
·
Jonsokfeiring i Eikefjord
Det vert jonsokfeiring på Allhuset onsdag 23. juni frå kl 17.00 Sal av rømmegraut, mylse, kaffi, kaker, pølse m/brød og brus. KL 18.00 Tog med brudepar, hest og spelmann. KL.20.00 Tenning av bål på stranda. Storgrill vert tent. Sal av grilla pølser, chips, brus og kaffi. Alle er hjarteleg velkomne. ARR: Eikefjord Grendalag
-

·
Mykje som skjer i Eikefjord…
Det er mykje som skjer i Eikefjord i tida framover. Her kjem nokre viktige datoer for sommarmånadane. Torsdag 17.juni: Asfaltering av strandpromenaden Laurdag 19.juni: Firdaløpet – Over 100 veteranbilar kjem til Eikefjord denne dagen. Frå ca. kl. 12-15 kan du sjå bilane som skal stille opp langs strandpromenaden, på parkeringsplassen ved Allhuset, og rundt omkring…
-
·
Veikingkonvoien 2010.
Laurdag 26.juni vert det for fyrste gong arrangert Veikingkonvoi i Eikefjord. Arrangementet startar ca. kl 14.00, og varer til ut i dei små nattetimar. Vi har behov for DI hjelp. Om du har lyst til å stå vakt, selgje mat eller drikke, vere med å gjere klart området, rydde opp o.s.v. , set vi stor pris…
-
·
Dugnad i sentrum.
Onsdag 12.05.10 vert det dugnad i Eikefjord sentrum. 17.mai er rett rundt hjørnet, og vi håpar at så mange som mogleg vert med for å gjere sentrum reint og fint!! Grendalaget stiller med kaffi og bossekkar.Ta med jernrive, kost og godt humør, og møt opp utanfor den tidlegare ICA-butikken kl. 18.00. Eikefjord Grendalag.
-
·
Dugnad i sentrum.
Onsdag 12.05.10 vert det dugnad i Eikefjord sentrum. 17.mai er rett rundt hjørnet, og vi håpar at så mange som mogleg vert med for å gjere sentrum reint og fint! Grendalaget stiller med bossekker. Ta med jernrive, kost og godt humør, og møt opp utanfor den gamle ICA-butikken frå kl. 18.00. Eikefjord Grendalag.
-
·
Minner om klubbkveld for medlemmer i Eikefjord idrettslag
Det vert klubbkveld for alle medlemmer i Eikefjord Idrettslag i dag, onsdag, kl 17 – 19 i gymsalen på skulen. Her vert det lagt ut både salsvarer, ordinære varer, sko og treningstøy. Det er Intersport Sogndal v/Stig Nord som er inne på klubbkveld denne gongen. Det er god rabatt på dei fleste varene! Arr: EIL Fotballgruppa
-
·
Minner om klubbkveld for EIL
Det vert klubbkveld for alle medlemmer i Eikefjord Idrettslag i kveld, onsdag, kl. 17 – 19 i gymsalen på skulen. Her vert det lagt ut både salsvarer, ordinære varer, sko og treningstøy. Det er Intersport Sogndal v/Stig Nord som er inne på klubbkveld denne gongen. Det er god rabatt på dei fleste varene! Arr: EIL Fotballgruppa
-
·
Fotballen rullar igjen!
Fredag 16. april kl 19.00 er det klart for herrane sin seriestart mot Saga på Eikefjord stadion. Med nye drakter og heiltente spelarar skulle alt ligge til rette for ein innhaldsrik fotballkveld! Nytt av året er pauseunderhaldninga. På baksida av inngangsbilletten vil du finne ein quiz som du kan svare på. Vinnaren vert kåra og premiert i pausa,…