-
·
Julekonsert i Eikefjord kyrkje, fredag 20. desember
For mange er julekonserten i kyrkja eit «must» for å kome i skikkeleg julestemning. I år er det soknerådet som inviterar til konsert med Koriander, Eikefjord skulemusikk og Andreas Taklo. Konserten startar kl. 19.00. Billettpris: Vaksne: 100,- Born: 50,- Born under 6 år: gratis Soknerådet vil etter konserten selje boka som vart utgjeven i samband med…
-
·
Hugs foreldremøte på skulen i kveld!
Minner om foreldremøtet i kveld kl 17.30 i gymsalen. Rådmannen kjem og tema for møtet er mellombels løysing for elevane våre dei neste to skuleåra. Det er svært viktig at folk møter opp og seier si meining! Alle som er interessert i kvar elevane i bygda skal gå på skule dei to neste åra, er…
-
·
Bøssebærarar til årets TV-aksjon
TV-aksjonen NRK 2013 går til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demens. Innsamlinga skal føregå komande søndag, 20. oktober. Vi treng framleis fleire bøssebærarar i Eikefjord, for å få dekka heile området. Om du har høve til å bidra denne dagen, ta kontakt med Trine Hovland tlf: 95053098 eller e-post: trine.hovland@flora.kommune.no.
-
·
Alt klart for konsert og dans!
I kveld kl. 19.30 opnar dørene for Koriander sin jubileumskonsert med påfølgjande dans. Dette må du ikkje gå glipp av! Billettar får du kjøpt i døra. for dei som er påmeldt dugnadsfesten ligg billettene klare i døra. Dei får servert mat rett etter konserten. Heile kvelden er open for ALLE! Håpar mange finn vegen til…
-
·
Påmeldingsfrist til dugnadsfesten laurdag
Det er allereie mange som har meldt seg på dugnadsfesten laurdag 7. september, men det er framleis plass til fleire! Endeleg påmeldingsfrist vert sett til torsdag 5. september. Meld på til Mona på e-post mostand@hotmail.com eller telefon 41513865.
-
·
Invitasjon til dugnadsfest!
Vi har nettopp gjennomført dei 11. Eikefjorddagane, med publikumsrekord. Dette arrangementet hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan den enorme dugnadsinnsatsen som vert lagt ned av lag, organisasjonar og privatpersonar. Truleg har det aldri vore så mykje folk i dugnadsarbeid som i år. Eikefjord grendalag er svært takknemlege for den innsatsen folk har lagt ned,…
-
·
Attgløymde ting etter ED!
Attgløymde klede og briller etter Eikefjordagane er hengt opp i garderoben på Allhuset. – jakke, svart, type Craft– jakke, svart, type Bergans– jakke, grå og svart, type Iceman– caps– briller, tynn svart innfatning Det er også ein del som har mista diverse artiklar, som ikkje har dukka opp att. Om du skulle ha funne noko,…
-
·
Vil du oppleve sjøflytur over Eikefjord?
Tor Henrik Eikefjord kjem til Eikefjord laurdag, med sjøflyet sitt. Då kan du få ein fin tur over den flotte bygda vår, og eventuelt ta bilete. Han flyr turar på 20 min. kl. 14.00 – 16.00 laurdag. Påmelding på grendalgsstanden laurdag i Eikefjord sentrum. Pris pr. person : Vaksne Kr 450.- Barn under 12 år…
-
·
Dugnad, dugnad, dugnad!
Minner om at det vert dugnad tysdag, onsdag og torsdag frå kl. 18.00 kvar dag. Ein treng all hjelp ein kan få og grendalaget håpar så mange som mogleg stiller opp. Som takk for strevet får ein nystekte sveler og kaffi.
-
·
Førehandssal av billettar til Sigrid Moldestad
Det er førehandssal av billettar til konserten med Sigrid Moldestad som er fredag 16. august kl. 20.00 i kyrkja. Billettar får du på Spar Eikefjord og Narvesen i Florø. Førehandssalet vert avslutta torsdag 15. august.