-
·
Klart for pubquiz igjen!
Laurdag 18. februar er det klart for året første pubquiz på Allhuset. Vi opnar som vanleg dørene 20.30 og startar quizen kl. 21.00. Maks seks personar per lag, 20 kr for å delta. Vinnarlaget stikk av med premiepotten. Arrangør er Koriander og quizvert er Mona Ø. Standal. Vel møtt!
-
·
Årsmøte i Eikefjord idrettslag
Det vert åsmøte i Eikefjord idrettslag torsdag 1. mars 2012 kl 18.00 på klubbhuset. Handsaming av vanlege årsmøtesaker. Framlegg til årsmøtet må vere styret i hende innan 23. februar. Alle medlemmer over 15 år har stemmerett. Vel møtt!
-
·
Årsmøte i Eikefjord idrettslag
Det vert årsmøte i Eikefjord idrettslag torsdag 1. mars 2012 kl 18.00 på klubbhuset! Vanlege årsmøtesaker. Framlegg til årsmøtet må vere styre i hende innan 23. februar. Alle medlemmer over 15 år har stemmerett. Vel møtt!
-
·
Buss heim frå Fag og Fest!
Dette er ei melding til alle eikefjordingar som jobbar i kommunen! J Det vert også i år felles buss frå Florø til Eikefjord etter Fag og Fest. Skulen, barnehagen og heimetenesta har felles påmelding. I tillegg kan eikefjordingar som jobbar elles i kommunen melde seg på. Eg lagar ei liste.
-
·
Er du dame og glad i fotball?
Då håpar vi du finn vegen til Eikefjord stadion kl 20.00 i morgon, tysdag. Vi startar opp med årets første dametrening og satsar på å ha treningar tysdagar og torsdagar kl. 20.00-21.30. Alle er velkomne til å bli med! :-)))
-
·
Romjulsquiz på Allhuset onsdag 28. desember kl 21.00!
Då er det klart for den tradisjonsrike romjulsquizen! Som tidlegare år er det bankett for romjulssleiva før quizen. I fjor var vi 105 deltakarar. Kanskje vi blir endå fleire i år??? Ta med deg gode vener til kunskapsstrid og sosialt samvær! :-)) Som vanleg er det maks seks personar per lag og 20 kr for…
-
·
Julekonsert med Koriander søndag kl. 17.00
Tradisjonen tru inviterer Koriander til julekonsert i kyrkja, siste søndag i advent. Konserten startar kl 17.00. Vi ynskjer å gje publikum ei god musikalsk oppleving og håpar at alle vil finne fram til den gode julestemninga. Du vil få høyre mange av dei kjende og kjære julesongane, framført av både kor og solistar. Vi har…
-
·
Julekonsert med Koriander
Tradisjonen tru inviterer Koriander til julekonsert i kyrkja, siste søndag i advent. Vi ynskjer å gje publikum ei god musikalsk oppleving og håpar at alle vil finne fram til den gode julestemninga. Du vil få høyre mange av dei kjende og kjære julesongane, framført av både kor og solistar. Vi har i år vore så…
-

·
Champions League på klubbhuset!
Onsdag 7. desember opnar Fotballgruppa dørene til klubbhuset kl 20.00 for alle fotballinteresserte. Det er den avgjerande kampen mellom Basel og Manchester United som vert vist. Kampen startar kl 20.45. Elles vil ein minne om julekalenderen på www.eikefjord-fotball.no I dag er premien to billettar til Tippeligaen mellom Sogndal og Vålerenga neste år. Vel møtt!
-
·
Julekonsert med Koriander!
Søndag 18. desember inviterer Koriander til julekonsert i Eikefjord kyrkje. Her får ein høyre mange av dei kjende og kjære julesongane, og også nokre nye og kanskje ukjende. Fleire av medlemmene vil også krydre konserten med solistroller. Unn deg tid i den hektiske førjulstida til å roe ned og gløyme julestria for ei lita stund. Meir informasjon…