Andreas Hesjedal omkom som vaktmann om bord på M/S Thekla 1. september 1945. Andreas var vaktmann om bord på lekteren som frakta eksplosiver frå Florø og som skulle dumpast i Brufjorden. Fangane om bord var tyskvennlege som var arresterte og plasserte i fangeleir i Florø sentrum. I blant desse var Olav Anton Djupevik frå Barlindbotn som også omkom i ulykka.

Det var Politimesteren i Florø som gav løyve til å bruke landssvikfanger til dumping av amunisjonen. Politimesteren hadde fått opplyst at arbeidet ikkje førte med seg særlig risiko, og gav dermed løyve. Andreas Hesjedal som var innkalt i heimstyrkene var vakt ved fangeleiren i Florø.  Det var Asbjørn Svarthumle som hadde vakt, men sidan han hadde kone og barn bytta han med Andreas Hesjedal som blei med som vaktmann om bord på M/S Thekla denne skjebnedagen.

Det ble satt ned ein norsk-aliert undersøkelsekommisjon etter ulykka. Referatet er ikkje å finne i noko arkiv. Ulykka blei nemnt i Firda Folkeblad 4. september, men deretter aldri nemnt i Florø-avisa. I ”Dagen” den 14. september blir det spekulert om ulykka kan skyldast nitorglyserin som har slått mot skutesida og dermed forårsaka at heile båten gjekk i lufta.

I 1946 (47?) reiste Eikefjord Ungdomslag ein bauta over Andreas ved Eikefjord Kyrkje. Kvar 17.mai vert det lagt ned minnekrans ved støtta. Andreas står også som den einaste frå Eikefjord som fall i krigen på bautaen ved Florø kyrkje.


Kilde: M/S Theklas himmelferd

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2