Årsmøtet 2014

Elveigarlaget Osen- Vestre Hyen - Forvaltningslag

Samlingsheimen på Storebru Torsdag 8. mai 2014 kl. 20.00.

Desse møtte med stemmerett: Hans T Anonsen, Kristin Svardal, Asle M. Ellingsund, Stein Ove Svardal, Anne Marie Svardal, Dagfinn Ellingsund, Jan Osa, Asbjørn Sørdal, Hermann Heimseter for Knapstad, Steinar Langedal for Bjarne Langedal, Kjell Tonheim, Tor Helge Storevik, Atle Øren, Edgar Endestad, Evert Havn, Arne Tonheim for Eva Tonheim, Arne Tonheim, Ragnar Hjorteset, Ola Dagfinn Hovland, Steinar Langedal og Allan Langedal. (Sjå vedlagt liste)

Andre inviterte som møtte: Helge Anonsen, Tom Tonheim, Eina Tonheim og Hjermand Bruheim

Innkalling ved annonse i avisa og tilsendt skriv.

Sakliste 2014:

  1. Konstituering: Oppdatering av medlemsliste. Dette er no alle i pliktig del, i alt 32 medlemmar. Fullmakter frå Magni Eimhjellen til Dagfinn Ellingsund, frå Bjarne Langdal sitt bu til Steinar Langedal, frå grunneigarane på Knapstad til Hermann Heimseter vart alle godkjende.Det møtte 17 medlemmer frå pliktig del (74 partar), og 4 medlemmer frå ikkje pliktig del (4 partar).

  2. Til å leie møte vart vald Helge Anonsen.

  3. Det var ingen merknader til innkallinga.

  4. Ingen merknader til saklista som er i samsvar med nye vedtekter.

  5. Til skrivar vart Jan Osa vald og til å skrive under møteprotokollen vart vald Kristin Svardal og Ola Dagfinn Hovland.

  6. Årsmelding 2012, vart lesen og styret sitt framlegg vart godkjend.

  7. Årsmelding 2013, vart lesen og styret sitt framlegg vart godkjend.

  8. Rekneskap for 2012. Rekneskap og revisjonsmelding vart lagd fram og godkjend.

  9. Rekneskap for 2013. Rekneskap og revisjonsmelding vart lagd fram og godkjend.

  10. Arbeidsplan for 2013 og Budsjett for 2013: Elveigarlaget skal arbeide for å gjere ferdig arbeidet i Gygrefossen Innlandsfiskeprosjektet er avslutta.Halde fram arbeidet med utfisking av røyr og gråkjø – og ev rømd oppdrettsfisk.Organisere og ha tilsyn med laksetrappene og fisketeljaren.Organiser og styrke rapporteringsrutinane for fangst. Arbeide med å fastsetje eit realistisk gytebestandmål for heile vassdraget er fullført i 2013. Vidareføre rognplantingsprosjektet eit år til. Starte arbeid med å lage rutiner for tilsyn og rapportering.Arbeide med nye reglar for ørretfiske i vassdraget i, og utanfor laksesesongen.

  11. Frå valnemnda møtte Stein Ove Svardal. Valnemnda hadde forslag på to nye medlemmar til styret og tre nye personlege varamedlemmer, attval på revisorar og forslag til ny leiar. Desse har sagt frå seg attval, Aslak Svardal, Jan Osa, Brynjar Svarda,l Evert Havn og Atle Øren. Dei som no sit i styret kjem på val i 2015. Dei som er nye i styret sit for 2 år. Personleg vara får same fungsjonstid som styremedlemmet.

Valnemnda ved Stein Ove Svardal fekk så ordet og leia valet.

  • Til leiar vart vald; Helge Anonsen, samrøystes. (For 2 år.)
  • Styremedlem Helge Anonsen, 2år (2016), P. vara; Tor Helge Storevik,2år (2016)
  • Styremedlem Kristin Svardal, 2år (2016), P. vara; Asle Magne Ellingsund; 2år (2016)
  • Styremedlem Asbjørn Sørdal,1år (2015), P. vara; Bjarte Liseth 1år er på val i (2015)
  • Styremedlem. Tom Tonheim, 2år (2016), P.vara; Oddvar Endestad, 2år (2016)
  • Styremedlem. Ola D. Hovland, 1år (2015), P. vara; Elias Eimhjellen, 1år (2015)
  • Revisorar for eitt år: Kjell Humlestøl og Edgar Endestad; Attval.
  • To varamenn for revisorane Evert Hamn og Hans Terje Anonsen.
  • Ny valnemnda; Leiar, Harald Pedersen går ut, Kennet Tonheim vert ny      leiar, Stein Ove Svardal er nestleiar og ny i valnemnda vert Atle Øren.

12.  Godkjenne arbeidsgruppa for reparasjon av laksetrappa. Asbjørn Sørdal og Evert
       Hamn er tidlegare oppnemnd av styret til å leie arbeidet med reparasjon av
       laksetrappa i Gygrefossen. Årsmøtet samtykka i dette.

13.  Godkjenne arbeidsgruppe for nye reglar for innlandsfiske og informasjon i  
       vassdraget. Desse vart valde av årsmøtet; Tom Tonheim og Edgar Endestad og 
       Aina Tonheim.

14.  Godtgjeringar for verv i styre og komitear etter framlegg frå valkomiteen. Det vert
       ikkje gjeve slik godgjersle.

15.  Arbeidsoppgåver for 2013, sjå arbeidsplan ovanfor. Styret sitt forslag vart lagt fram,
       drøfta og vedteke.

16.  Fastsetje årsavgift, denne vert av årsmøtet sett til kr 300-. Det vert då sendt ut krav
      om innbetaling av kr 300,- pr. part så snart det er oppretta konto for laget.

17.  Budsjett for 2013. Styret sitt forslag vart lagt fram og vedteke samrøystes. Sjå
       rekneskap 2013 og budsjett for 2014.

18.  Generell debatt om vegen vidare. Grunneigarane oppstrøm Gygrefossen kjem med
       forslag til nye fiskekvotar som leiar legg fram for Fylkesmannen til uttale.

Alle vedtak var samrøystes og møtet var slutt kl. 22.35           

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2