• Hovlandsvegen får 50 millionar

    Hovlandsvegen får 50 millionar

    Det er løyvt 50 millionar til Hovlandsvegen. Primert er det bruene som ikkje tåler akseltrykket til tungtransporten som er problemet, men vegen er også skuleveg så behovet for gang/sykkelveg er også stort.No blir det bygd gang/sykkelveg heilt ut til krysset i Kvalvika.

  • Cuprenn på Humlestøl 9/1-2022

    Litt seint ute, men her er resultata frå Cup-rennet på Humlestøl 9/1-2022

  • Stor elv

    Stor elv

    Inste Hovlandselva går for tida stor og kvit. Det merkast godt at det er mykje nedbør og snøsmelting. Eit av dei kritiske punkta er brua på turstien på Hogane. Her er eit av punkta som er lett å samamlikne kor stor elva er no og kor stor den har vore på det meste. I dag…

  • Park og bustad

    Park og bustad

    Grendalaget jobbar med å få til ein folkepark på sørsida av skulen, med det gamle gardsnamnet «Salmontunet». Silje Fraas Øren, Gitta Sas og Målfrid Steindal frå grendelaget er ansvarlege for utforming og innhald i prosjektet. Prosjektet fekk ei løyving på 500 000 kroner i budsjettet til Kinn kommune for 2022, og er med det bortimot…

  • Snø på Humlestølen

    Det er komme ca 20 cm snø på Humlestølen. Løypene er kjørt opp, men det er ikkje laga klassisk spor.

  • Kyrkja i jula

    Grunna koronarestriksjonar er det påmelding til gudstjenesta i julafta. Familiegudstjenesta julafta er det ingen ledige plassar. For Høgtidsmessa 1. juledag kl 12 er liturg: Knut Magne Nesse og organist Jorunn Bakke Nydal Oversikt finn du hos kinn.kyrkja.no

  • Koronadødsfall

    Smittervernoverlege Kjell-Arne Nordgård kan bekrefte at det eine dødsfallet med stadfesta covid-19-smitte  på Førde sentralsjukehuser er knytt til utbrotet i Eikefjord. Dette var ein konsekens av underliggande sjukdom og skrøpeligheit og han legg til at ein ikkje ventar fleire smitta knytte til utbrotet i Eikefjord no. Kilde: Firdaposten

  • Avlysning av julekonsert

    Styret i Koriander har i kveld vedteke å avlyse julekonsertane som var sett opp 19. desember. Dei som allereie har betalt billettar vil få dette refundert i Vipps. Vi kan ikkje gjere anna enn å sjå framover og starte planlegging av eit nytt korår. Vi legg ved ei lenkje til fjorårets konsert og vil med…

  • Viktig info om julekonsert!!

    Kjære bygdefolk. Grunna nye retningslinjer for smittevern er det gjort nokre endringar på gjennomføringa av billettsal og sjølve julekonserten søndag 19. desember.   Det blir to konsertar denne dagen: Kl. 17.30: Koriander, diverse gjestar og Eikefjord skulemusikk. Kl. 19.30: Koriander og diverse gjestar (utan skulemusikk)   Etter avklaring med kyrkjekontoret er det berre mogleg å…

  • Korana på omsorgssenteret

    Det er no tre bebuarar ved omsorgssenteret i Eikefjord som er smitta med korona.  Kommuneoverlegen kan fortelje om kontunuerleg nye smittetilfelle i Kinn, men det skal ikkje være problem i forhold til liv og helse. Les meir i firdaposten