-
·
Mistanke om promille
Politiet mottok melding kl 1918 om ein bil som køyrde vinglete og hadde vore i grøfta. Personbilen kolliderte med midtrabatten i krysset RV 5 og FV 614 ved Grov. Det var ingen personskade, men bilen fekk materielle skader. Føraren ein mann i 30 åra, vart tatt med til blodprøvetaking. Sak er oppretta av Flora politistasjon.
-
·
Nye fotoboksar i Naustdalstunellen
Måndag starta arbeidet med å montere opp to nye fartsboksar i Naustdalstunnelen. Dei reisande har hatt opp til ein halv times ventetid for å følge ledebil gjennom tunellen. Boksane fungerer på same måten som dei gamle fotoboksane. Vegvesenet har foreløpig ikkje planar om å installere utstyr for måling av gjennomsnittsfart i Naustdalstunnelen.
-
·
Julemiddag på Søndag
Det nærmar seg jul og tradisjon med familiejulemiddag på Samlingsheimen vert holdt Søndag 8.desember kl 14.00. Nydeleg juletallerken med ribbe,pinnekjøtt,pølse med tilbehør og heimelaga riskrem og karamellpudding til dessert.
-
·
Blå diplom og Tippeliga 2014
På heimesida til fotballen kan du lese om Roy Hallstensen og Torbjørn Hopen som fekk utdelt kretsen sin blå diplom for lang og tru teneste, medan Joakim Knapstad går på linja i Tippeligaen også i 2014. www.eikefjord-fotball.no
-
·
Middag i kafèen
Den første torsdagen kvar månad serverer vi heimelaga komler med tilbehør, i kafèen på In-spire. Denne torsdagen tilbyr vi og juletallerken med dampa pinnekjøt, svineribbe, grove kjøttpølser og kålrabistappe. Vi tar gjerne imot bestilling og reservasjon på telefon og sms, 57744601 eller 95152023, så er det litt lettare å beregne kor mange gjestar vi ventar 🙂
-
·
Borna sin dag
På laurdag vert det borna sin dag på Eikefjord Aktivitetsgard og In-spire. Garden på Hovland er ope fra 12-1500. Her kan du gå på Stall og Fjøsbesøk, sitte på hest, kose med småkalvar, kyr, sau, og kaniner, mellom anna. Pris per ridetur. Kanskje får vi sjå den snåle fjøsnissen som bur på garden? Klokka 15…
-
·
Skuleprosjektet går vidare
Bystyret vedok etter ein tre timars debatt tysdag kveld å etablere ein mellombels brakkeskule på Eikefjord stadion. Debatten avslørte relativt fort at å la vere å bygge ny skule i Eikefjord ikkje var noko aktuelt tema. Forslaget til Jacob Nødseth om å ta tre månaders tenkepause for å kartlegge andre alternativ fekk dermed ikkje fleirtal. …
-
·
Skulen på agendaen
I morgon er det bystyremøte der Eikefjord skule vil verte eit av dei store emna. Framdriftsplanen er lagt, men i det siste har enkelte politikarar lufta tankar om ei tenkepause og utsetting av prosjektet på grunn av kostnadane som berre har gått oppover.Eikefjordingane er helt klare – prosjektet skal følge fastsatte framdriftsplaner og prosjektet lysast…
-
·
Eikefjord basket vant i Bergen
Eikefjord basket spelte 2 kamper i Bergen laurdag 30 nov. Første kampen var mot Gimle, dette ble en tøff kamp kor Eikefjord til slutt vant 78 – 67. Den andre kampen var mot Landås som ble ei enda tøffere kamp, Eikefjord lå under med 5 poeng i slutten av 3 periode. Men etter godt forsvarspel…
-

·
Adventskafe og åresalg
Eikefjord skulemusikk arrangerer adventskafe og basar på Allhuset søndag 1.12. Kl.14.00.Inngangsbillett: 50,- voksen, 20,- barn, barn under 5 år går gratis.Salg av pølser og brus, gratis kaffe og kake. Åreslag.Mini konsert med korpset før tenning av julegran.Tenning av julegrana i sentrum 17.00, kanskje nissen kjem?