-
·
Fjelltrim
Idrettslaget, Turlaget og privatpersoner har lagt ut ein del fjellbøker på støylar og diverse fjelltoppar kring Eikefjord. Dette er ein grei dokumentasjon på kor mykje fjellet blir brukt og kor folk helst går i fjellet. Er du ein av dei som registrerer deg kan du være heldig og bli trekt ut som vinnar av fjelltrimmen…
-

·
Basket start i 3 divisjon
Serieoppsettet for 3 divisjon basket er no klart og Eikefjord serieopnar i Bergen 14 september. Vi har nokre endringar på laget frå i fjor
-
·
Sprell levande 2013
Velkomne til EIKEFJORD ”Sprell levande” hausten 2013 Merk ny dag : ANNAKVAR TORSDAG I EIKEFJORD KYRKJE kl 17.30 – 18.30 Partalsveker f.o.m. 5. september
-
·
Påmeldingsfrist til dugnadsfesten laurdag
Det er allereie mange som har meldt seg på dugnadsfesten laurdag 7. september, men det er framleis plass til fleire! Endeleg påmeldingsfrist vert sett til torsdag 5. september. Meld på til Mona på e-post mostand@hotmail.com eller telefon 41513865.
-
·
Eikefjorddagane – evalueringsmøte
Det blir evalueringsmøte for Eikefjorddagane 2013 med lag og organisasjonar på Allhuset torsdag 5. september kl. 20.00. Håper alle lag/organisasjonar stiller med minst ein representant, for det er viktig å evaluere rett i etterkant av dagane då «ting er ferskast». Eikefjord grendalag
-
·
A-laget i flytsona
Eikefjord er i flytsona for tida og Bremanger som kom til serieleiaren Eikefjord for å berge poeng for å unngå nedrykk reiste heim med tap. Det stod 1-0 til pause i ein kamp det Eikefjord hadde ballen svært mykje, medan Bremanger prøvde å ligge kompakt defensivt og slå tilbake på kontringar. Eikefjord-laget er stinne av…
-
·
Ny programvare på Eikefjord.net
Som du sikkert ser er det litt forandring på Eikefjord.net idag. Den store oppgraderinga ser du ikkje, det ligg ein heilt ny versjon av programmet som styrer Eikefjord.net i bakgrunnen. Som vanleg ved oppgraderinger må nettstedet brukast og feil må rettast etter kvart. Ha tolmod så kjem alle funksjoner på plass igjen.
-
·
Glad tysk par
Paret som mista fotokameraet sitt i Eikefjord blei overlykkelige når dei fekk beskjed frå Hans Endestad at kameraet var spora opp. Ei ærleg sjel hadde levert kameraet inn på In-spire og når det vart etterlyst på Eikefjord.net søndag varte det ikkje lenge før Hans fekk beskjed om at det låg eit kamera på In-spire.Ved kryss-sjekk…
-
·
Kino idag onsdag
Det er kino idag kl 18 og kl 20.Første filmen er MORMOR OG DE ÅTTE UNGENE – er tillatt for alle.Andre filmen er PERCY JACKSON: MONSTERHAVET – (3D) – Denne har sensur 11 år.
-

·
A-laget spelar kamp på fredag
A-laget ligg på 1. plass med to poeng foran Tambar. På fredag er det ny kamp att, då er det Bremanger som kjem på vitjing. Vel møtt!