Etter eit veldig godt 10- års jubileum for Eikefjorddagane i 2012, har bygda «talt på knappane» om ein skulle vidareføre arrangementet slik det har våre. Som kjent er det vanskeleg å igjen skape suksess. Dei siste åra har omsetninga for helga ligge på ca. 1,00 million kroner.

Etter møte mellom styret i Grendalaget og bygdas 10. involverte organisasjonar på torsdag 22. november 2012, var det vist stor entusiasme blant organisasjonane for å vidareføre arrangementet.

Styret ynskte tydlegare arbeidsfordeling og ansvar for arrangementet, og det blir sett saman diverse arbeidsgruppe med arbeidsstart før nyttår.

Konklusjon: Det vart samla vedtatt att Eikefjorddagane skulle arrangerast også i 2013 – dato for arrangementet blir 16 – 18 august.

-Leiar Eikefjord Grendalag, Anders Ole Sunnarvik

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2