-
·
Eikefjordkarusellen 2014 – Resultat 1. runde
Fyrste runde i Eikefjordkarusellen gjekk i dag med strålande sol og godt oppmøte. Sjå resultatlista under.
-
·
Eikefjordkarusellen 2013 – 2. runde
I lett småregn og fin sommarleg temperatur, gjekk 2. runde av EIkefjordkarusellen av stabelen tysdag 28. mai. 19 deltakarar stilte til start, nokre av desse rett nok «på kjøt og flesk», på veg til fotballtrening. Moro var det lell. Neste tysdag er det nye forsøk, og plass til alle uansett alder og nivå. Om nokon som…
-
·
Eikefjordkarusellen 2013
Tolv regnkledde ivrige ungar stilte til første runde av Eikefjordkarusellen tysdag 21.05.2013. Her er resultatlista. Resten av karusellen går dei tre neste tysdagane klokka 17.30. Vi håpar på lettare ver og endå fleire deltakarar då. Vel møtt.
-
·
Eikefjordkarusellen 2013 Eikefjord stadion
1.runde tysdag 21.mai kl.17.30 60m, lengde, 300m, 2km 2.runde tysdag 28.mai kl.17.30 60m, kule, 300m, 2km 3.runde tysdag 04.juni kl.17.30 60m, lengde, 300m, 2km 4.runde tysdag 11.juni kl.17.30 60m, kule, 300m, 2km Øvingane vert som vanleg 60m, lengde og kule for alle årsklassar. 300m for dei litt eldre ungane, og i tillegg kan dei store og…
-
·
ÅRSMØTE EIKEFJORD GRENDALAG
SUNDAG 07.04.13 kl. 18:00 på ALLHUSET samlast vi til årsmøte i Eikefjord Grendalag. Vanlege årsmøtesaker. Tema etter årsmøte: Planlegging av Eikefjorddagane 2013 (16.-18.08.13). Vonar på godt oppmøte! Venleg helsing Styret i Eikefjord Grendalag.
-
·
SOMMARJOBB – Gartnar Kyrkjebukta i Eikefjord
Eikefjord grendalag har gjennom ein driftsavtale med Flora kommune ansvar for vedlikehaldet og plenklipp av grøntanlegget på kyrkjebukta, og i området rundt. Arbeidet går ut på og halde plenane og det som er utplanta i området grøne og fine gjennom vekstsesongen, gjennom gjødsling, plenklipp og rydding.
-

·
SPØRJELEIK OG SLEPPEFEST
Laurdag 19.01.13 kl 20:30 opnar Allhuset dørene for SPØRJELEIK (eller quiz på godt norsk) med Mona Ødegård Standal kl 21:00 og SLEPPEFEST/konsert for «Hanens Død» med STEINAR KARLSEN kl. 22:30. Inngang 150,-. Open bar. Aldersgrense 18 år.
-
·
Husflidmesse og Lysfest 2. desember
Det blir som vanleg tenning av julegrana i Eikefjord 1. søndag i advent. Som tradisjon blir husflid messe på Alhuset frå kl. 13.00 til Kl. 17.00 med samlingsheimen på Storebru som arrangør. Her kan det kjøpast både julegåve og kortreist gardsmat.
-
·
INFO OM EIKEFJORDDAGANE 2013 :
Etter eit veldig godt 10- års jubileum for Eikefjorddagane i 2012, har bygda «talt på knappane» om ein skulle vidareføre arrangementet slik det har våre. Som kjent er det vanskeleg å igjen skape suksess. Dei siste åra har omsetninga for helga ligge på ca. 1,00 million kroner.
-
·
BYGDEMØTE
Har du tankar om Eikefjorddagane? Vi vil gjerne tenkje høgt kring kva som er bra og kva som kan gjerast betre neste år – om vi skal arrangere dagane neste år?! TORSDAG 22.11.12 kl 20:00 samlast EIKEFJORD på ALLHUSET for å avgjere om og eventuelt korleis vi skal arrangere Eikefjorddagane 2013!!!