Skribent: CatGar

  • ALLMØTE OM EIKEFJORDDAGANE 2013

    Kallar med dette inn til organisasjonsmøte i høve eventuelt arrangement av Eikefjorddagane 2013 torsdag 08.11.12 kl 20:00 på Allhuset i Eikefjord. Eventuell struktur og organisering av arrangementet vil vere einaste sak på agendaen. Lett servering. Møtet er ope for alle!

  • Evalueringsmøte etter Eikefjorddagane 2012

    Torsdag 30.08.12 kl. 20:00 er lag og organisasjonar invitert til Allhuset for å evaluere Eikefjorddagane 2012. Dette møtet er ope for alle – så har du noko du vil melde attende til Grendalaget etter arrangementet, er smekkfull av ein god ide eller to, eller berre vil vere med, er du hjarteleg velkomen!!!

  • Eikefjord´s Palekaker

    Mange har ynskt seg oppskrifta på palekakene som vart presentert på Eikefjorddagane. Her kjem ei helsing frå Ole Jonny Eikefjord med svar til fiskesvoltne:

  • TAKK!!!

    Vel blåst for ei fantasisk helg med dei tiande Eikefjorddagane! Dagane har utvikla seg veldig positivt gjennom desse 10. åra, og er særs viktig for den framtidige utviklinga og marknadsføringa av Eikefjord. Styret vil takke alle som har gitt sitt bidrag gjennom dugnad og anna stønad for at arrangementet blir ein suksess år etter år! Ei stor…

  • DUGNAD Eikefjorddagane 2012

    Det er den tida på året att: denne veka samlast vi ved gamle ICA i Eikefjord sentrum for å gjere oss klare til EIKEFJORDDAGANE 2012! TID: TYSDAG 14.08, ONSDAG 15.08, TORSDAG 16.08, alle dagar kl. 18:00 – 21:00 Her er nok arbeid til alle, så kom og bli med på DUGNAD!!! Det vert lett servering…

  • Eikefjordkarusellen – resultat og siste runde!!!

    Tredje runde i Eikefjordkarusellen gjekk 29.05.12 i fint ver. Vi håpar at det vert like fint kommande tysdag då siste runde skal avviklast. Som vanleg vert det då pølser til alle, og premiar til dei som har delteke tre gonger eller meir. Ser dykk på bana tysdag 05.06 kl 17.30. Resultat frå tredje runde finn…

  • Reinhaldar for sommarsesongen

    Eikefjord Grendalag søkjer reinhaldar for servicehuset på Miljøstranda i Eikefjord. Reingjering av to garderobar med toalett og dusj, samt handikaptoalett og gang. Rekna tidsbruk: om lag 2 timar dag etter behov. Sesongslutt 31.08.2012. Lønn etter avtale. Eventuelt spørsmål kan rettast til Anders Ole – mobil tlf.: 90732401 Søknad sendast på e-post til : anders.forde@mobelringen.no innan fredag…

  • EIKEFJORDKARUSELLEN – resultat og ny runde:

    Minner om ny runde i Eikefjordkarusellen tysdag 22.05. kl. 17:30. Øvingar: 60 m, kule, 300 m for dei litt eldre, 2 km for dei eldste og vaksne. Startpengar: 30,- kr. Følgjande finn du resultata frå førre runde:

  • DUGNAD I SENTRUM TYSDAG

    Minner om dugnad i sentrum tysdag 15.05 kl. 18:00-21:00. Vi samlast med kostar, river, spadar og det som skal til for å få sentrum feiande flott til feiringa av nasjonaldagen! Lett servering.

  • Eikefjordkarusellen 2012 Eikefjord stadion

    Tysdag samlast vi til Eikefjordkarusell på Stadion kl. 17.30. Øvingane vert som vanleg 60 m, lengde og kule for alle årsklassar. 300 m for dei litt eldre ungane, og i tillegg kan dei store og vaksne springe 2 km. Medalje til alle som er med tre gonger. Bli med følgjande tysdagar: 1. runde: tysdag 15.…