-
·
DUGNAD PÅ STRANDA 09.05.12
Minner om dugnad i morgon 09.05.12 kl. 18:00-21:00. Vi måkar vinteren vekk og ryddar rom for vår og sommarsesongen på Miljøstranda! Tysdag 15.05.12 kl. 18:00-21:00 steller vi Sentrum til nasjonalfest. Lett servering.
-
·
DUGNAD I MAI
Kallar med dette bygdefolket til dugnad for å stelle Eikefjord i stand til fest på nasjonaldagen: Sentrum onsdag 09.05.12 kl. 18:00-21:00. Stranda tysdag 15.06.12 kl. 18:00-21:00. Lett servering.
-
·
Jonsokarrangement 2012
Eikefjord Grendalag ser seg ikkje høve til å arrangere bygdefest ved Jonsok i år. Vi bed om at lag og organisasjonar som er interesserte i å ta ansvar for arrangementet tek kontakt med Cathrine S. Holsen Gardner på cathrine_gardner@yahoo.com for å melde frå om interessen innan 30.04.12. Ansvar vert avgjort på neste møte i Grendalaget.
-
·
ÅRSMØTE OG FOLKEMØTE
I morgon, sundag 25.03.12 er det ÅRSMØTE i Eikefjord Grendalag kl. 18:00 på Allhuset. Vanlege årsmøtesaker. Årsmøtet avsluttast og vi tek eit FOLKEMØTE med fylgjande saker: 1. KRAFTLINA. Kva skjer og kva har vore gjort. Ordførar, varaordførar og gruppeleiarar er inviterte. 2. FLEIRBRUKSHALL. Etter innspel frå bygda vil vi diskutere å skipe ei arbeidsgruppe for…
-
·
ÅRSMØTE I EIKEFJORD GRENDALAG
Eikefjord Grendalag har årsmøte med vanlege årsmøtesaker SUNDAG 25. MARS 2012 KL. 18:00 PÅ ALLHUSET I EIKEFJORD. Vel møtt!
-
·
Dans, dans, dans!
I morgon, fredag 30.12.11, vert det dans på Allhuset kl 21:00. Kom! Sjå annonse under «Minner om dansen på fredag» litt lenger nede på sida.
-
·
Hæla i taket for nytt år!
Fredag 30.12.11 kl. 21:00 opnar Allhuset dørene til nyttårsdans med Hæla i taket Dans jula nesten ut og det nye året nesten inn! Arr. Eikefjord Grendalag.
-
·
BARN I MAGE ELLER VOGN: BLI MED!!!
Tysdag 6.12.11 kl. 12:00 samlast bystyret i Flora kommune for å handsame sak om utviding av Eikefjord barnehage. Vi vil med dette oppfordre alle foreldre som kan å stille i bystyret for å synleggjere behovet vi har for barnehageplassar i bygda!
-

·
Bli med og smi bygda di!
I kveld kveikte Flora kommune i Plansmia med Folkemøte på Allhuset i Eikefjord. Om lag 80 menneske møtte for å høyre planane for veka og framover.
-
·
PLANSMIEPLANAR
Måndag 07.11.11 kl. 18:00 går startskotet! Still på FOLKEMØTE på Allhuset! Programmet er fullt heile veka, og basert på stor aktivitet i bygdefolket for å «grunne» det arbeidet som vert gjort for Eikefjord – skal vi «eige» prosessen må vi vere med både i og på planen! Aktiviteten på dagen er ikkje alltid for alle,…