-

·
Romjulsleiva i dag onsdag kl 16.00
Endeleg er Romjulsleiva 2011 her. I dag onsdag brakar det laust med ball-og ribbeveggstunt ein aldri får sjå i noko fjernsynsapparat. Pulje 1 startar kl 16.00, medan pulje 2 startar kl 17.00. Ein vil ynskje tilskodarar og spelarar hjarteleg velkomen, og minnar om at ein tek på seg nissedrakta, tek med gløgg og godt humør.…
-
·
Vinn flotte premiar
Det er korkje gull, duftgjevande pinnar frå eksotiske strøk, måseegg eller myrra som ligg i dei tre siste lukene i fotballgruppa sin julekalendaren. Derimot ligg det billettar til Sogndal sine heimekampar mot Rosenborg og Brann, samt ein billett til dansen på ED. Gå inn på www.eikefjord-fotball.no for å delta.
-

·
Kristine i kretslagstroppen
Kristine Løkkebø Nybø (98) er teken ut i kretslagstroppen til SFFK som i helga 6.-8.januar 2012 skal møte Nordmøre og Romsdal sine kretslag til kampar på Nordfjordeid. Les meir på www.eikefjord-fotball.no
-
·
Ann-Kristin vann konsertbillett
I går spurte Eikefjord-nissen kven som er leiar i Eikefjord bondelag. Her var det visst litt delte meininger, for halvparten svara Edvald Øren medan resten svara Asle Magne Ellingsund. Det riktige svaret er nettopp Asle Magne Ellingsund. Opp av nisselua trakk vi opp namnet Ann-Kristin Gaare. Ho vart den heldige vinnar av ein billett til…
-
·
Nyhende frå fotballgruppa
I dag spelar juniorlaget til Eikefjord mot Florø ute i fiskelandsbyen kl 19.00 i kveld. Elles så er premien i dagens luke på Julekalenderen ein billett til Koriander sin konsert på sundag, så her er det berre å sende inn svar. No er det og opna for å melde på lag til Romjulsleiva. Les alt…
-
·
Vinterserien junior: Eikefjord-Tornado/Måløy i dag kl 18.45
Aldri har A-laget til Eikefjord hatt så ungt lag som no. I år stiller ein med lag vinterserien for junior. Junior er aldersgruppa frå 14 til 19 år. I dag onsdag kl 18.45 på bana brakar det laust med den andre heimekampen i vinterserien mot Tornado/Måløy. Møt opp og lag ei fin ramme rundt kampen…
-
·
Julekalender
Fotballgruppa har eigen julekalender. Kvar dag heilt fram til den store dagen då nissen kjem skliande ned gjennom pipa, kjem ein til å opne luke for luke. Les meir på www.eikefjord-fotball.no
-
·
Minnar om årsmøte i fotballgruppa torsdag 1. des kl 18.00
Det vert årsmøte i Eikefjord Fotball torsdag 1.desember kl 19.00. Møtet vert halde på klubbhuset. Saklista vil vere vanlege årsmøtesaker. Alle medlemmer i Fotballgruppa har møte,-tale,-forslags og dei over 15 år har i tillegg stemmerett. Eventuelle innspel til saker må vere styret i hende innan 29. okt. Alle er hjarteleg velkomne. Vel møtt!
-
·
Mykje nytt i fotballgruppa
Mellom anna er ny trenar for A-laget er på plass, Mona Ødegård Standal har vorte nytt medlem i fotballkretsen, Per-Øyvind Sørbø vart tildelt Honorert Leiarstipend og Joakim Knapstad vart årets dommar. Les meir på www.eikefjord-fotball.no
-

·
Joakim vart årets dommar
Joakim Knapstad vart kåra til årets dommar på kretstinget til Sogn og Fjordane Fotballkrets som går av stabelen denne helga i Førde. Les meir her på www.eikefjord-fotball.no Foto: Privat