Skribent: Geir S V

  • Årsmøte fotballgruppa torsdag 1. desember

    Det vert årsmøte i Eikefjord Fotball torsdag 1.desember kl 19.00. Møtet vert halde på klubbhuset. Saklista vil vere vanlege årsmøtesaker. Alle medlemmer i Fotballgruppa har møte,-tale,-forslags og dei over 15 år har i tillegg stemmerett. Eventuelle innspel til saker må vere styret i hende innan 29. november. Alle er hjarteleg velkomne. Vel møtt!

  • Vinterserien junior: Eikefjord-Florø i dag kl 19.00

    Vinterserien junior: Eikefjord-Florø i dag kl 19.00

    Aldri har A-laget til Eikefjord hatt så ungt lag som no. I år stiller ein med lag vinterserien for junior. Junior er aldersgruppa frå 14 til 19 år. I dag onsdag kl 19.00 på bana brakar det laust med fyrste kampen i vinterserien mot Florø. Møt opp og støtt eikefjordingane i kampen mot desse bodylotion-karane…

  • Fair Play-cup i morgon

    Fair Play-cup i morgon

    Eikefjord barne-og ungdomsskule og fotballgruppa arrangerer Fair Play-cup på bana  i morgon fredag i frå kl 09.30 til 12.00. Vel møtt til foreldre, besteforeldre og andre som har moglegheit til å vere tilstades!

  • Champions League på klubbhuset i dag

    Champions League på klubbhuset i dag

    Det vert vist Champions League på klubbhuset i dag på bana. Hovudkampen er United-Otelul Galati kl 20.45, men ein er open for å sjå ein annan kamp dersom interessa er der. Dørene opnar kl 20.00. Alle er hjarteleg velkomne!    

  • Joakim ut i Europa?

    Joakim ut i Europa?

      Dommar og eikefjording Joakim Knapstad var ein av tre deltakarar som NFF plukka ut til delta på talentprogrammet UEFA CORE sitt introduksjonskurs i Nyon i Sveits. Kan vi om få år sjå Joakim dømme fotballkampar i Europa? Les meir her på www.eikefjord-fotball.no

  • Fotballfest på Allhuset i dag onsdag

    Fotballfest på Allhuset i dag onsdag

    Fotballgruppa inviterer til fotballfest og stormande jubel for dei aldersfastlagde laga på Allhuset dag onsdag 19. oktober kl 18.00-20.00.   Festen er open for alle,  så spelarane må ta med seg familie, slekt og vener!  

  • Fotballfest på Allhuset onsdag 19. oktober kl 18.00!

    Fotballfest på Allhuset onsdag 19. oktober kl 18.00!

    Fotballgruppa inviterer til fotballfest og stormande jubel for dei aldersfastlagde laga på Allhuset onsdag 19. oktober kl 18.00-20.00.   Festen er open for alle,  så spelarane må ta med seg familie, slekt og vener!  

  • Champions League på klubbhuset

    Champions League på klubbhuset

    Det vert vist Champions League på klubbhuset på bana tysdag og onsdag denne veka . Hovudkampen i dag onsdag er Bate-Barcelona. Dørene opnar kl 20.00. Alle er hjarteleg velkomne!

  • To ledige billettar

    Fotballgruppa har to billettar ledige, samt ein plass på bussen, til kampen  mellom Sogndal og Brann i dag kl 18.00. Ta kontakt på tlf 41513865 dersom dette skulle vere av interesse. Vi er allereie 25 som skal på tur.

  • Småjentene og A-laget har heimekamp i dag

    Småjentene og A-laget har heimekamp i dag

      I dag kl 17.45 spelar småjentene, J 13/14, kamp på bana mot Dale. Vel ein time seinare, kl 19.00, spelar A-laget mot Stadtlandet. Det unge mannskapet til tangotrøyene står no med 5 strake sigrar. Kiosken er open under begge kampane. Vel møtt!