-

·
Fair Play kamp på bana i dag måndag
Fotballgruppa og smågutelaget til Torbjørn Hopen, G 13/14, inviterer til Fair Play kamp på bana på måndag. Det er Førde 5 som er gjestane då. Laga spelar i 2. div. avd 2. Dette er månadens Fair Play kamp i fylket. Ein vil ynskje flest mogleg velkomen til bana på måndag 20.06 kl 18.00!
-

·
Eikefjord Fotball med fokus på Fair Play!
Eikefjord Fotball er ein klubb som etter beste emne prøvar å setje fremme Fair Play. Eikefjord Fotball er difor med i konkurransen om å vinne Fair Play prisen 2011.
-

·
Kristine på sonelagsturnering og Proffveka i Stryn
Kristine Løkkebø Nybø spelar i dag sonelagstunering på Sandane for spelarar fødd i 96/97. Ho er og teken ut til å delta på Proffveka i Stryn i august. Les meir om dette på www.eikefjord-fotball.no her og her.
-

·
Bremanger kjem på besøk
Eikefjord sitt unge A-lag i fotball skal spele heimekamp i morgon fredag mot Bremanger kl 19.00. Vel møtt!
-
·
Men damelaget gjorde ein større prestasjon same dagen..
Høyr berre her: Etter å ha kome under heile 5-0 borte i mot Gaular etter 68 spelte minutt, så klarte damene til Eikefjord å lage 5 mål på dei siste 20 minutta, så stillinga vart tilslutt 5-5! Meir om opphentinga kan du og lese om på fotballsida.
-

·
Sandane 2 kjem på besøk
Eikefjord sitt A-lag i fotball skal spele heimekamp i dag tysdag mot Sandane 2 kl 19.00. Vel møtt!
-
·
Bilete i frå miniputt turneringa
Strålande sol og mykje folk var med på å laga ei fin ramme rundt miniputt turneringa som vart arrangert i går. Bilete, filmsnurr og anna finn ein her på www.eikefjord-fotball. no PS. Ein vil og minne om smågutelaget G 13/14 som har heimekamp på bana i dag kl 19.00. Vel møtt!
-

·
Miniputt turnering på bana i dag sundag!
Fotballgruppa vil ynskje borna, foreldre, trenarane og andre velkomen til bana i dag sundag! Året fyrste miniputt turnering går av stabelen, og med høg aktivitet, ivrige born og mykje publikum gjer desse arrangementa til ein kjekk stad å vere. Kampane går i frå 10 til 14, og kiosken kan friste med eit stort spekter…
-

·
Eikefjordingar sentrale i cupkamp!
I dag sundag spelar Saga i mot Sogndal i 1. runde i cupen. Kampen går på Førde stadion kl 18.00. Anders Ole Sunnarvik skal vere speaker, medan Joakim Knapstad (bilete) skal vere dommar! Då er det berre å oppfordre til å ta turen til Førde stadion i finvèret i ettermidddag.
-

·
Seriestart for A-laget!
I England har ein kongeleg bryllaup i dag. Eikefjord har seriestart i fotball. Dei oransjekledde skal spele borte i mot Florø 2 kl 19.00 i dag. Meir om kampen, samt tippekonkurranse med fin premie finn ein her på eikefjord-fotball.no