-
·
Eikefjord Cup i helga!
Laurdag 9. og sundag 10. april 2011 går den tradisjonelle Eikefjord Cup av stabelen! Kiosken og klubbhuset er ope under heile arrangementet, så ein vil ynskje alle velkomen til bana denne helga!
-

·
Dommarkurs på Allhuset!
Fotballgruppa held kurs i dommarreglement og anna knytt til dommarrolla på Allhuset tysdag 29. mars kl 1700. Alle interesserte er hjarteleg velkomne.
-
·
Her er styret i fotballgruppa i EIL!
Denne smilande gjengen skal styre fotballgruppa komande år. Andleta skulle vere kjend for dei fleste, men skulle du likevel vere i tvil så trykk på knappen og sjå kva namn som dukkar opp!
-

·
Er Steinar Hopen tidenes venstrekant på Sogndal?
Steinar Hopen spelte på Sogndal i perioden 1988-1992. Han laga 34 mål på 109 kampar for dei kvit – og svartkledde. No kan DU stemma Steinar fram som tidenes venstrekant!
-
·
Resultattavle og nytt speakeranlegg på plass!
Eikefjord Idrettspark har fått resultattavle og nytt speakeranlegg! Overskotet av fotballkampen i sommar mellom Sogndal og Brann som Toppfotball Sunnfjord arrangerte i juni i fjor, var på omtrent 50 000 kr. Dette vart brukt på resultattavle og nytt speakeranlegg.
-

·
VI har det vel eigentleg ganske fint..
God morgon, Eikefjord! I dag er det ei veke sidan den direktesendte delfinalen i MGP gjekk av stabelen i Florø. Difor unner vi oss å sjå den flotte opningsfilmen om att ved å trykkje her. Filmen viser kor fint vi har der her i Flora!
-
·
Ein kan framleis melde på lag til Romjulsleiva!
12 lag er til no påmelde til Romjulsleiva, men det er plass til fleire. Så det er berre å få i stand lag og ringje Hotline 480 24 999 før klokka 18.00 i kveld tysdag. Nyhende om dei ulike laga med meir finn ein her.
-

·
Invitasjon til Romjulsleiva 2010!
Årets Romjulsleiv vert arrangert onsdag 29. desember! I år er det 10-årsjubileum, og påmeldingane tikkar allereie inn. Av påmelde lag kan ein nemne Brekkehola, Kvalvika, Ausevika, Mona sitt lag, Skaret, Sørgarden 1 og Askrova!? Så her er det berre å hive seg rundt, få i stand eit lag, for deretter å ringje/sende SMS til Hotline…
-

·
Eikefjord Fotball vann arrangementskonkurransen i 2010!
Nestleiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Robert Endestad, ser ein til venstre. Per-Øyvind Sørbø til høgre. Eikefjord vann arrangementskonkurransen i 4. divisjon i 2010. Eikefjord hadde også den høgste summen av alle laga i Firdaligaen, 4. divisjon og 3. divisjon damer.
-

·
Ole Jacob Endestad og Trine Hovland fekk heidersteikn for lang og tru teneste i Eikefjord Fotball.
Dei to styremedlemmene i Eikefjord Fotball,Trine Hovland og Ole Jakob Endestad, fekk av Sogn og Fjordane Fotballkrets ” den blå diplom” for lang og tru innsats for fotballen i bygda. Prisen vart delt ut under Miljøhelga i Førde.