Skip to content

Eikefjord.net

  • Artiklar
  • Grendalaget
  • Kontakt
  • Om Eikefjord

Treningsbloggar til Eikefjord

Av 

OddA

Publisert 

13. juli 2022

Laurdag 3. september kjem den høgt profilerte treningsbloggaren Treningsfrue, Camilla Aastorp, til Eikefjord. Det er Eikefjord Treningssenter(ETS) og Idrettslaget i bygda som inviterer til ei inspirasjonsøkt i fleirbrukshallen med den populære bloggaren.

Det vert først eit foredrag, og etter pausen blir det ei felles treningsøkt. ETS blei skilt ut frå friidrettsgruppa tidlegare i år, der eg sit som leiar. Vi i styret er opptekne av å kome i gang med saltrening, og vi var på jakt etter noko nytt. Då er det perfekt med eit kickoff, i lag med sjølvaste Treningsfrua, fortel Kenn Hallstensen.

Meir informasjon og påmelding kjem idrettslaget med på heimesidene sine.

Les meir i Firdaposten

  • Artiklar

    Eikefjord seier nei

    18. september 2026
  • Eikefjorddagane

    Kakebord søkjer kaker

    3. august 2026
  • Eikefjorddagane

    Informasjon om billettar

    2. august 2026

Eikefjord.net

Eikefjord.net er drifta av Eikefjord Grendalag. Innhaldet produserast av fleire frivillige entusiastar med tilknytting til Eikefjord. Ta kontakt med oss om du ønskjer å bidra med innhaldsproduksjon.

Ansvarleg redaktør er Christina Stæger-Breisnes.

  • Instagram
  • Facebook

Opphavsrett Eikefjord Grendalag © 2026