Eikefjord seier nei til biogassanlegg – men vil ha fart på utviklinga av Nesjane
Om lag 60 innbyggarar møtte opp då Eikefjord grendalag inviterte til folkemøte om planane for næringsområdet på Nesjane. Bodskapen frå bygda var tydeleg: ja til fleire arbeidsplassar, nei til biogassanlegg.
Torsdag 10. september arrangerte Eikefjord Grendalag folkemøte på Allhuset om planprogrammet for detaljregulering av næringsområdet på Nesjane, som no er ute på høyring hos Kinn kommune. Engasjementet var stort, og det var særleg éin del av planen som skapte temperatur i salen: det planlagde biogassanlegget.
Positive til næring, skeptiske til biogass
Planen opnar for at Brødrene Aa kan utvide med ny hall og kai, noko som kan gi mellom 100 og 150 nye arbeidsplassar i bygda. Grendalaget stiller seg positive til denne delen av utviklinga, og meiner det er bra at næringsområdet på Nesjane kan gi grunnlag for fleire arbeidsplassar og etter kvart fleire innbyggarar i Eikefjord.
Det som derimot møtte sterk motstand på folkemøtet, var planane om eit biogassanlegg innanfor same område. Anlegget er tenkt å ta imot avfall frå eit stort geografisk område – mellom anna matavfall og avløpsslam frå kommunen, næringsavfall frå fiskeindustrien og husdyrgjødsel frå fleire nabokommunar.
Under møtet vart det presentert konkrete tal for kva anlegget vil innebere: mellom 25 og 30 lastebilar i døgnet for tilførsel av avfall, i tillegg til transport ut frå anlegget. Anlegget vil også vere underlagt eiga storulykkeforskrift, med krav om løyve frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og eigne sikringssoner rundt anlegget.
Bygda fryktar lukt, trafikk og forureining
I gruppearbeidet som følgde presentasjonane, kom det tydeleg fram kva innbyggarane er mest uroa for: lukt, auka tungtrafikk inn mot eit område der ny kryssløysing mot RV5 og gang- og sykkelveg enno ikkje er på plass, og risiko for utslepp til sjø og natur.
Fleire peika også på erfaringar frå andre stader i landet der tilsvarande anlegg ikkje har gått heilt etter planen. Ved eit biogassanlegg på Nesset i Molde kommune oppstod det hausten 2025 ein stor lekkasje der fleire tusen kubikkmeter biogjødsel rann ut i naturen og vidare til ein småbåthamn fleire kilometer unna. Ved eit anlegg på Eldøyane i Stord kommune har lukt vore ei vedvarande utfordring, med gjentekne klager frå naboar til tross for moderne reinseteknologi.
– Dette viser at gode intensjonar og moderne teknologi ikkje er nokon garanti i praksis, heiter det i høyringsutkastet frå grendalaget.
Grendalaget: – Utvikling ja, biogassanlegg nei
Eikefjord grendalag arbeider no med den formelle høyringsuttalelsen til Kinn kommune, med frist 24. september. Konklusjonen frå folkemøtet er tydeleg: bygda ønsker vidare utvikling av næringsområdet på Nesjane velkomen, men seier samla sett nei til etablering av biogassanlegg i området.
Samtidig var innbyggarane opptekne av kva som skal til for at Eikefjord skal vekse vidare på ein god måte – fleire bustadtomter, betre infrastruktur, og at næringsarealet også kjem eksisterande og mindre bedrifter til gode, ikkje berre éin stor, ny aktør.
Sjå presentasjonen sjølv
Presentasjonen som blei vist på folkemøtet, med fakta og vurderingar frå tiltakshavar om det planlagde biogassanlegget, er tilgjengeleg her: Presentasjon frå folkemøtet i Eikefjord, 10.09.2026
Planprogrammet som no er ute på høyring, finn du hos Kinn kommune. Fristen for å sende inn eigne merknader er 24. september 2026.
https://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/anmelder-havila-biogass/
Har du innspel til høyringsuttalelsen? Ta kontakt med Eikefjord grendalag styret@eikefjordgrendalag.no
