Fredag 14. august – konsert i Eikefjord kyrkje
Billettar til fredagskonserten kan du kjøpe her
Velkomen til ein stemningsfull aftan i Eikefjord kyrkje under Eikefjorddagane 2026!
Dei to gitaristane Markus Istad Lirhus og Steinar Karlsen byr på instrumentalmusikk denne kvelden, med klingande tonar som varmar langt inn i sjela.
I løpet av kvelden får dei med seg dei to unge vokalistane Alva-Irén Johansen Drivdal og Maren Ýr Jónsdóttir Tyvold.
Markus Istad Lirhus er ein gitarist frå Voss som spelar instrumentalmusikk på akustisk gitar. Han spelar fingerspelgitar og er inspirert av ei rekkje ulike gitaristar, som Tommy Emmanuel, Jon Gomm, Martin Simpson, Tony Rice m.m. Han er også inspirert av mykje folkemusikk og prøver å føra folkemusikken inn i spelet hans.
Markus er aktuell med debutalbumet sitt «Pickin» out my future», som han gav ut i mars i år.
Steinar Karlsen er frå sjølvaste Eikefjord, og har sidan solodebuten Ulydium (2011) hausta åtgaum for sine instrumentalplater. Det amerikanske magasinet Vintage Guitar omtalte plata Tur (2015) som «One of the best instrumental releases of the year». I tillegg til eigen musikk har han delteke som gitarist, arrangør og låtskrivar på ei rekke album bl.a. med band som Good Time Charlie, Høivik og Verdsmannen Thorbjørnsen. Karlsen er to gonger spellemannsnomiert for plater saman med Good Time Charlie.
Hans førre utgivelse, «Doggerland», kom i 2024, og hausta god kritikk av både norsk og utenlandske kritikarar.
Laurdag 15. august – kveldsarrangement
Kveldspass til laurdagskvelden kan du kjøpe her

