Fredag 14. august
15:30 – Opning av gang- og sykkelveg.
Markering av ny gang- og sykkelveg mellom Eikefjord skule og stadion, og to nye bruer
på fv. 611. Det blir talar, underhaldning og snorklipping ved fylkesordførar Jon Askeland.
Stad: ved brua nærmast skulen
16:35 – Startskot for barne- og familieløp
Store og små oppmodast til å delta i dette løpet, som er ei feiring av ny gong- og sykkelveg.
Stad: ved brua nærmast skulen
17:00 – Offisiell opning av Eikefjorddagane 2026
Kakebord, underhaldning og talar. Fylkesordførar Jon Askeland har fått det ærefulle oppdraget med å opne Eikefjorddagane.
Det blir kulturinnslag med fleire artistar, og sjølvsagt skal Eikefjordprisen delast ut også i år.
Stad: Eikefjordhallen
19:00 – Kyrkjekonsert med Steinar Karlsen og Markus Istad Lirhus.
Det er duka for ein stemningsfull aftan i kyrkja når desse to gitaristane møtast for å skape ei konsertoppleving med smakfulle gitartonar.
Alva-Irén Johansen Drivdal og Maren Ýr Jónsdóttir Tyvold er gjestar denne kvelden, og vil gje publikum «det lille ekstra».
Stad: Eikefjord kyrkje
Laurdag 15. august
12:00 – Barneleikar, grillstasjon og marknad opnar
Full fres for ungane med mange kjekke aktivitetar.
Sunnarvik sanitet serverer velsmakande grillmat frå sitt utandørs grillkjøkken.
Marknad med utstillarar med forskjellige produkt.
Sal av rømmegraut, kaffi og kaker inne i Eikefjordhallen.
Stad: Eikefjord skule
19:00 – Festaftan med underhaldning og konsertar
19:00-21:00 – Sistemann ut
12 personar. 11 konkurransar. Siste person i kvar konkurranse ryker ut etter kvar tid.
Rune Rajendram styrer showet!
Mykje latter og moro!
Rett etter Sistemann ut – Konsert med Oslo Blaaseorkester
Oslo Blaaseorkester er kjende for å skape liv med allsang og show.
Det blir knallgod stemning og fest heile kvelden med eitt av Noregs aller beste tyrolerorkester.
Kokken Tor avsluttar denne kvelden
Kokken Tor løfter stemninga til uante høgder ut i dei små nattetimar, med sine suverene versjonar av det beste frå norsk rock.
Billettar til arrangementet finn du her!
Stad: Eikefjordhallen

