Det er gode vèrmeldingar til årets 17. mai feiring, og komitèen, som er foreldre i 5. og 8. klasse, har laga eit rikhaldig program. Mykje av det som skjer denne dagen er likt frå år til år, men det er også kjekt å kunne skape nye tradisjonar.

Nytt av året er at ein i barnetoget har lagt inn eit stogg ved Omsorgstunet, der leiar i HSU, Mona Ø. Standal, vil helse bebuarane. Elles vert det sjølvsagt gudsteneste, leikar, rømmegraut, kaker og kaffi, tale for dagen v/ Kolbjørn Taklo, folketog og mykje, mykje meir. Komitèen ynskjer heile bygda hjarteleg velkomen, og håpar at folk sluttar opp om alle delar av årets 17. mai feiring.

 

07:00 Salutt v/Audun Ramsdal

PÅ EIKEFJORD SKULE

10:00 Skulemusikken spelar

Tale for borna v/elevar i 8. klasse

Innslag ved 5. klasse

10:30 Tog til kyrkja

Stogg ved Omsorgstunet, helsing til bebuarane ved leiar i HSU, Mona Ø. Standal

11:00 Kransnedlegging - familiegudsteneste ved vikarprest Ovar Sandaker

11:30 Open skule

12:00 Servering av heimelaga rømmegraut og spekemat, kaker, kaffi og kioskvarer

12:30 Leikar for born og vaksne, fram til 15.00

15:00 Konkurranse - Finalerunde

Koriander syng

15:30 Tale for dagen v/ Kolbjørn Taklo

16:00 Folketog

16:30 Premieutdeling

18:00 - 20:00 Diskotek i gymsalen for aldersgruppa 1.-7. klasse, inngang kr 20,-

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2