Start: Knapstad, gjennom tunet til Albert Hamn
|
Vanskegrad:![]() ![]() God sti, bratt for ski |
Knapstadstøylen er eit godt utgangspunkt for vandring i indre deler av fjellet nord for Eikefjord. Grøneheia, Grøneheivatnet, Silornipa er fine utflukter herfrå. |
![]() |
Knapstadstøylen er lettast tilgjengelege ved å gå ta av RV5 på Knapstad og køyre opp til Albert Hamn. Spør om parkering hos han. |
![]() |
Frå gardstunet følger ein skogsvegen ein ser bak husa |
![]() |
Frå gardstunet følger ein skogsvegen oppover lia. Dei to neste bilda er overst på traktorvegen (Sjå kart nedanfor). |
Ein må passe litt på å velge rett veg oppover slik at ein ikkje kjem feil ut. |
![]() |
Eit stykke oppe må du følge ekstra godt med. Her går stien ut av traktorvegen og fortset oppover skogen. | ![]() |
Det er ikkje så langt frå traktorvegen opp til Kvile. For å komme på støylen fortset ein rett fram. Går ein stien utover vil ein komme ut til vegen innanfor Øvrebøen. |
![]() |
Når ein går rett fram over Kvile kjem ein til denne myra. Det kan vere litt vanskeleg å sjå stien på den andre sia, men kjem ein bort ser ein stien slyngjer seg oppover mellom trea. |
![]() |
Her kan det vere lett å ta feil av stien. En skal følge stien der pila peiker sjølv om stien til venstre i bildet ser mest traffikert ut. Stien rett fram er kyraråkja. Denne er best å følge på ski. |
![]() |
KYRARÅKJA Kyraråkja er ein godt trakka sti til Knapstadstøylen. Det var her dei dreiv krøtera opp til støylen. Kyraråkja er mykje flatare enn stien, men ein god del lengre Stien følger bergrygg utover til enden av denne myra der stien snur og følger berghammaren innover mot støylen. Myra er einaste punkt der stien er vanskeleg å sjå.
Utanfor støylen møter Kyraråkja stien frå Stølsbrua til Knapstadstøylen. Skal du gå ned ser du etter pila på steinen. Nede på kanten kjem du inn på ein godt opptrakka sti. Ver obs på myra og gå innover. |
![]() ![]() |
Stien oppover er ganske grei å gå. Det kan sjå ut som det ikkje går an å komme forbi enkelte plassar, men kjem ein nermare ser ein godt stien. | ![]() |
Etter litt vandring oppover og innover ønsker Knapstadstøylen oss velkommen der den ligg oppunder Bleikeknollen. | ![]() |
Fjellknausen over Knapstadstøylen, Bleikeknollen, gir godt utsyn over Eikefjorden | ![]() |
Ein kan også starte på rasteplassen og følge riksvegen innover til første undergang. Herfrå er det merka sti til Knapstadstøylen Kvile.
Det er også ein fin tur å gå vidare innover fjellet til Inste Knapstadstøylen som ligg rett nedanfor Grøneheia. Stien begynner rett bak postkassen og er merka på kartet |
Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene. |
Copyright: Odd Asle Endestad