Svanøy med spor frå oldtida Helleristningar i Ausevik Eikefjord Kyrkje Luftkampmuseet i Frammarsvik Kinnakyrkja Kystmuseet i Florø Gammalt steinbrot på Stakaldeneset Vassbruksmiljø i Terdalen Fyrlykter i skjergården


Sjå også attraksjonar på sidene til Fjordkysten

Eikefjord kyrkje

Eikefjord kyrkje ligg idyllisk til sør for Eikefjord sentrum og er ei av dei eldste i Sunnfjord. Kyrkja representerer første generasjon av tømmerkyrkjene frå 1800-talet. Etter utviding i 1874 er ho no ei korskyrkje. Eikefjord var ved bygginga den første nye kyrkjestaden som var teken i bruk i fylket sidan 1600-talet. Kyrkja var i byrjinga kapellstad under soknekyrkja på Svanøy, men har vore eige sokn sidan 1889.

Ei gruppe lokale entusiaster har skreve bok om kyrkja. Dette er ei fin bok med mange bilde og handler om kyrkja frå den var eit lite kapell og via mange ombyggingar til den staselege kyrkja vi har i dag. Boka tar også for seg kyrkjelege handlingar og kristenlivet i bygda. Dette er eit "must" for alle med røter i Eikefjord.
Boka kan du kjøpe hos  Spar og kyrkjekontoret i Florø.

Les Eikefjordsoga.no under fana offentleg

 

Minnestein ved Eikefjord kyrkje

ImageAndreas Hesjedal, f. 10. mars 1917, foreldre Anna Maria og Lyder Olai Hesjedal.
Deltok i bombekasterkompaniet under kampane i Gudbrandsdalen. Blei tatt til fange ovanfor Hønefoss i april, men rømte og kom seg heim ved å stele ein sykkel og sykle så langt han kom. Resten gjekk han på beina eller på ski.
Andreas var med i Heimefronten, truleg heilt frå starten. På slutten av krigen var det mykje aktivitet og det heldt på å gå gale mange ganger.
Sommaren 1945 vart Andreas innkalt i heimestyrkane. Han var vaktmann ved fangeleiren i Florø.
Andreas Hesjedal omkom som vaktmann om bord på M/S Thekla 1. september 1945. Lekteren frakta eksplosiver frå Florø som skulle dumpast i Brufjorden. Fangane om bord var tyskvennlege som var arresterte og plasserte i fangeleiren i Florø sentrum.
I 1946 reiste Eikefjord Ungdomslag ein bauta over Andreas ved Eikefjord Kyrkje. Kvar 17.mai vert det lagt ned minnekrans ved støtta. Andreas står også som den einaste frå Eikefjord som fall i krigen på bautaen ved Florø kyrkje.

 

Kinnakyrkja

Lengst vest i havet utanfor Florø ligg øya Kinn med den vidgjetne Kinnaklova, eit viktig siglingsmerke gjennom uminnelege tider. Inn forbi Kinnaklova, inst i Høgskardvågen ligg Kinnakyrkja, ei svært vakker steinkyrkje i romansk stil. Utvendig måler koret 7,20 m x 7,65 m, medan skipet er 10 m x 17,70 m. Totalt er kyrkja altså 25,35 m lang.
Kontakt Turistkontoret i Florø for informasjon om Kinnakyrkja og Kinnaspelet, dei har oversikt over båtruter etc.

 

Kystmuseet i Sogn og Fjordane

ImageKystmuseet, med hovudbase i Florø, har kystkommunane i fylket som sitt distrikt og har til no 6 anlegg langs kysten i tillegg til museet i Florø.
I Florø har museet tre moderne museumsbygg i eit 74 mål stort friområde. Museumsområdet omfattar fleire øyer med bruer mellom og er eit mykje brukt tur- og badeområde. Langs vegen gjennom området blir det bygd eit frilandsmuseum med tilflytta hus, både gardstun, tettstad og fiskevær.
Dersom du kjøyrer mot flyplassen i Florø vil du finne skiltet som viser veg til Kystmuseet.

 

 
Dei eldgamle diabas-gruvene på Stakaldeneset

ImageDiabasgruvene i Flora er truleg Norges eldste industrisamfunn. På halvøya som stikk ut mellom Eikefjorden og Høydalsfjorden ligg Stakaldeneset. Du ser neset frå riksveg 5, like vest for Sundefjelltunnelen.
Sommaren 1976 fann Svein Brandsøy mengder med økseemne og avslag i fjøra i Båtevika. Han var den første som forsto at det hadde vore bergverksdrift her i steinalderen. I 1977 kom arkeologar frå Bergen og granska diabasgruva og dei andre funna på Stakaldeneset. Arkeologane fann at det hadde vore tatt stein herfrå gjennom meir enn 4000 år, frå omlag 6500 f.Kr. til 2000 f,Kr.
Funnstadene på Stakaldeneset har halde seg så godt fordi det har vore lite med folk og dyr i dette ulendte terrenget. Tidfestinga har arkeologane fått ved å analysere trekol frå gruva og ei hole på nordsida av Stakaldeneset. Grøfta, eller gruvegangen som skjer seg gjennom neset, er 600 meter lang, 2 meter brei og heilt opp til 10 meter djup. Det meste er gjort av menneskehand for å få tak i diabasen.
Dersom du skal til Stakaldenesset kan du kjøre til kaia i Sandvik og gå utover til du finn diabasbruddet.

 

 
Helleristningane i Ausevika

Ausevika ligg på sørsida av Høydalsfjorden. Tidleg på 1930-talet fann Tor Grønnevik det store helleristingsfeltet i Ausevika som er eit av dei største helleristningsfelta i Noreg. Ausevika ligg under Skålefjellet,som reiser seg mot sør i nærmare 800 m høgde. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit naturleg streifområde for storvilt på trekk mellom kyst og innland. Her finn ein over 3000 år gamle figurar.

Feltet viser over 300 ristningar, både dyre og menneskefigurar. I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Store delar av feltet er intakt, og det pågår i desse dagar tilretteleggingsarbeid i forhold til besøkande.
På vegen mot Stavang er det eit skilt viser at du er kommen til Helleristningane. Ver forsiktig når du er på området, vi vil ha dette feltet intakt også etter vår tid. 

 

Svanøy

På denne vakre og frodige øya har det budd folk i meir enn 4000 år, og her finns sagn om vikingkongar og spor etter Olav den heilage si kristningsferd. Her har det vore kyrkje- og krongods, setegard med birkerett, futesete og tilhaldsstad for Haugianarane. Bygningane vart freda i 1924 og i 1972 starta eit omfattande restureringsarbeid. Det er Norsk Hjortesenter som tek seg av drifta.

På Svanøy er også hjortefarm der ein kan bli med og vandre midt inne i ein hjorteflokk - eit minne for livet.


Kontakt Turistkontoret i Florø for informasjon om Svanøy , dei har oversikt over båtruter etc.

 

 

Vassbruksanlegget i Terdal

Det restaurerte vassbruksanlegget i Terdal er frå 1800-tallet og består av sag, stampe, kvernhus, dam, vassrenner og fire vasshjul.
Anlegget viser korleis ein i næringssamanheng nytta direkte vasskraft som energibærar i tida før elektrisiteten kom. Konsentrasjonen av så mange teknologi- og funksjonstypar på ein stad er unik i Sogn og Fjordane. Det opprinnelege vassbruksanlegget er beskrive av Albert Joleik tilbake til 1600-tallet.

Kontakt Turistinfo Florø for turopplegg til Terdalen

 

 

Fyrlykter i Florøskjergården

Det ligg fleire fyrlykter i skjergården utanfor Florø. Heilt fram til 2004 var Ytterøyane betjent, men no er også den automatisert. Kvanhovden og Stabben kan leigast for overnatting.
Om sommaren arrangerast det fyrsafari til desse 3 fyra. Turen går over ein heil dag, og garanterar fine opplevingar, vakker natur og spanande historie. For meir informasjon ta kontakt med Turistinfo Florø

 

 
Luftkampmusèet

Luftkampmuseet ligg i Frammarsvik i Naustdal.

ImageLuftkampmuseet er ei utstilling til minne om det største luftslaget i Norge, fredag 9. februar 1945. Dagen blei kalla den svarte fredagen etter det allierte flyangrepet mot ein tysk "Zerstöer, Z33" som hadde søkt tilflukt ved Frammarsvik i Førdefjorden etter ei grunnstøting sør for Florø.
Den allierte styrken bestod av 32 tomotors Beaufighterar, 12 jagarfly og 2 sjøredningsfly. Av desse vart 9 Beaufighterar og 1 jagarfly nedskotne og 14 av mannskapa omkom.
På tysk side deltok 16 jagarfly, der 5 blei nedskotne og to mann omkom. På dei 11 tyske båtane omkom 8 sjøfolk.
Z33 som var hovedmål for angrepet, vart reparert i Trondheim og var med i Østersjøen helt til krigens slutt.

Les heile historia i "Den svarte fredagen" av Kjell Ove Nordeide og Halvor Sperbund utgitt på Selja Forlag. Boka tar for seg alle sider av angrepet.

Museet er også ein serveringsstad innafor Norsk Gardsmat. Her får du god heimelaga mat, og kan kjøpe med deg heimelag flatbrød når du reiser heim.
Det er lettast å kjøyre frå Naustdal, men det er også ein fin tur via Stavang.

I følge boka skulle ein ikkje merke så mykje til den svarte fredagen i Eikefjord, men Audun Hovland som budde på Hogane observerte både spionflyet og angrepsstyrken. Spionflyet såg han for over her mot sør over Vassetefjelleet. Det var dette flyet som observerte dei tyske båtane i Førdefjorden. Mange timar etter såg han angrepsstyrken komme inn over Hatlesetnipa og svinga sørover og fortsette over vestenden av Steindalsfjellet. Like etter såg han at flya blei beskutt av dei tyske båtane.
Etter angrepet kunne ein sjå ein Beaufighter som kom over åsen, der Telenor no har sin sendar. Den hadde ei svart røyksky etter seg der den fauk over sentrum og forsvant i lav høgde mot Hopen. Flyet styrta ved ein holme i Høydalsfjorden.
Både pilot Smith og navigatør "Spike" Holly overlevde styrten og vart redda av Henrik Hopen og sonen Arne frå drukningsdøden. Begge ville overleverast til tyskarane for ikkje å skape problem for familien som hjelpte dei.
"Spike" Holly har fleire gonger besøkt Sunnfjord og sin andre heim hos Erling og Gerd Hopen.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2