Start: Garasja innanfor idrettsparken
eller på rasteplassen (ikkje beskreve her, følg skilting)
og Inste Hovland ved Hogavegen
For ski og sykkel følger ein traktorvegane
Tid: 1t 15 min opp / 60 min ned
Høgd: 30 - 450 m.
Lengd: 2,2 - 3 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Er ofte brøyta vinterstid

Vanskegrad:

merking-rod-vandrermerking-rod-skimerking-rod-sykkel

Traktorveg, rød vandrer på
grunn av høgdemeterane

 

Turen frå Garasja innanfor Stadion er merka med røde stolpar og trekantar. Dette er ein av stiane i Gamle ferdselsvegar mellom Eikefjord og Norddalsfjord.

Hovlandstøylen er den lettast tilgjengelege støylen i Eikefjordsområdet.
Tar du turen opp til Hovland-støylen ein søndag føremiddag er du nesten garantert å finne andre fjellfolk her. Dei hjelper gjerne med ruta vidare oppover

Image

 

Ein grei måte å komme seg opp til støylen er å starte turen ved garasja innanfor idrettsbana.

Her er det også gode mulegheter for å parkere bilen.

Turen går så langs traktor-veien oppover lia helt opp til støylen. Ein kan følge begge traktorvegane herfrå.

Merka løype går opp til undergangen midt i bildet og fortset så oppover lia.

Ein kan også starte på rasteplassen og følge merka sti og deretter traktorvegen oppover.
Vennligst ikkje parker på traktorvegen innanfor tunellen.

Tredje alternativ starter på Inste Hovland og følge Hovlandsvegen opp mot Hogane. Følg skilting.

Image

 

Ovanfor gardane på Hovland ligg Bakkane, eit fråflytta småbruk. Her deler traktorveien seg i to.

Den lettaste og merka løype er å fortsette langs traktorveien ovanfor småbruket. Den raskaste og tyngste veien går den gamle stølsstien dit pila viser.

Da traktorveien er lett å følge oppover vil dei neste bilda vise nokre punkt på den brattaste stien.

Denne traktorvegen er grei både for ski og sykkel.

Image

 

Når ein kjem hit skal ein ta ein skarp sving til høgre og fortsette opp denne skåra.

NB. Bildet er tatt ovanfrå

Ein skal så forbi vannledningen og vidare langs kanten.

Image

 

Stien går vidare opp gjennom dette granfeltet. Stien kan være litt utydelig her, men går godt an å følge. Image

 

Den lengste kneiken er unnagjordt når ein er kommen på Løype. Her kjem traktorvegen opp og den bratte stien kjem opp nedanfor grana til høgre i bildet.

Stien følger no traktorvegen vidare oppover. Partiet ein no skal inn i går jamnt på mota med nokre kneiker inn i mellom.

Image

 

Dette er Stølsbakkjen og den siste bakken som skal forserast før ein har nådd målet.

Image

Ikkje bli skremt, for når du rundar toppen og går nokre meter ønsker stølsfossen deg
Velkommen til Hovlandstøylen.

Image

Her er det muleg å bade i elva til venstre på bildet, eller det er eit godt utgangspunkt til turar vidare oppover i fjellet.

Strandanipa, Flatenipa, Nipevatnet, Blånipa og Eikefjordstøylen er vanlege utflukter herifra.

Kartet går opp til Løype. Herfrå er det berre å følge traktorvegen til støyls. Den gamle traktorvegen herfrå er meir kupert, men også den er grei å gå oppover.kart-hovlandstoylen-600

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

 

 

 

 

 

 

 

Copyright: Odd Asle Endestad

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2