Start: Rasteplassen Riksveg 5 Isete parti frå brua og opp om vinteren. Her bør ein bruke gode |
Vanskegrad: God sti |
Eikefjordstøylen ligg vakkert til, og er den av støylane som har best utsikt over Eikefjorden. |
![]() |
Med utgangspunk her på rasteplassen, der det er god parkeringsplass,går det ein god sti oppover lia. Følg den nye traktorvegen og fortset innover til grinda der ein møter stien frå Øvrebøen. Stien er merkt med røde band heilt opp til støylen. |
![]() |
På Bjønnamyra er det laga flytebru slik at ein kan gå over myra. Stien fortset opp grasbakken til venstre i bildet og gjennom grinda litt lenger oppe. Frå grinda er det berre å fortsette langs ein godt synleg sti oppover lia. |
![]() |
Kvile ved Kleivafossen. Her får ein eit inntrykk av den utsikta som ventar ein når ein kjem opp på støylen. Etter Kleivafossen kjem det flataste stykket på turen oppover. |
![]() |
Ved brua er det fint å ta seg ein pust i bakken og forfriske seg på vatten frå elva som kjem frå Grøneheivatnet. Stien som går innover langs elva går gjennom Betnene til Knapstadstøylen. Sjå turbeskrivelse Brua - Knapstadstøylen |
![]() |
Rett ovanfor brua kjem ein fram til eit område der stien ikkje er god å sjå fordi den går på berget. Dersom ein held seg på berggrunn går ein ikkje feil. |
![]() |
Mykje av stien vidare oppover går i slike hamrelag. Vær litt oppmerksom så er stien lett å følge. |
![]() |
Rett ovanfor trappene finn ein hammaren der vi rita initialane våre inn når vi gjekk til støyls. Der er også Råtebenken for dei som treng ein ekstra pust i bakken. |
![]() |
Vær spesielt oppmerksom her i Rømmeskåra. Er fjellet vått kan det være glatt. Om vinteren er dette den verste plassen. Her kan isen legge seg og det kan være farleg å forsere dette stykket. |
![]() |
Naturen har laga trappa her i Lussiræva. | ![]() |
Og så ligg Eikefjordstøylen der og ønsker oss velkomne til fjells |
Utsikta frå Eikefjordstøylen er god sjølv på ein regntung dag. Her kan ein sitte på benken og følge med på kva som skjer i sentrum. | ![]() |
Vintersdagen er det også fint å gå til fjells. Når det er kaldt kan stien til Eikefjordstøylen være svært vanskeleg å gå. Frå brua og oppover kan det ligge mykje is og då det er farleg å ferdast der.
17.mai 2020 vart annaleis. Her er vi på støylen og syng nasjonalsangen klokka ni om morgonen | ![]() |
Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene. |
Copyright: Odd Asle Endestad