Nestleiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Robert Endestad, ser ein til venstre. Per-Øyvind Sørbø til høgre.
Eikefjord vann arrangementskonkurransen i 4. divisjon i 2010. Eikefjord hadde også den høgste summen av alle laga i Firdaligaen, 4. divisjon og 3. divisjon damer.
Prisen vart delt ut under kretsen si Miljøhelg som gjekk av stabelen i Førde i helga. Sist Eikefjord var med i denne konkurransen, vann tangotrøyene også, då som beste arrangørklubb i Firdaligaen 2007. To av to moglege må kunne seiast å vere bra i så måte.
SFFK har i 2010 ein arrangementskonkurranse for Firdaligaen, 4. div herrar og 3. divisjon damer.
Arrangementskonkurransen er basert på informasjon frå dommarane i etterkant av kampane i Firdaligaen, 4. div Herrar og 3. div Dame.
Her er kva dommarane sette karakter på:
(1) Velkomst (2) Romfasiliteter (3) Spelarbanen sitt utstyr (4) Arenaservice (5) Fair Play
Tilslutt fekk ein denne summen for 2010:
Firdaligaen: | Nr 1: | TMFK | Snitt: | 4,44 |
Nr 2: | Stryn | Snitt: | 4,36 | |
Nr 3: | Eid | Snitt: | 4,27 | |
4. Divisjon: | Nr 1: | Eikefjord | Snitt: | 4,5 |
Nr 2: | Selje | Snitt: | 4,4 | |
Nr 3: | Syril | Snitt: | 4,37 | |
3. Divisjon Damer: | Nr 1: | Jølster | Snitt: | 4,45 |
Nr 2: | Bremanger | Snitt: | 4,1 | |
Nr 3: | Sogndal | Snitt: | 4,08 |