Fest 2012 4 280Årsfesten for idrettslaget laurdag 27. oktober nærmar seg med stormskritt. Du kan melde deg på til Janne Tonheim på [email protected] eller til Hanne Sølvi på 991 61 361 .

No er det meldt på over 70 stk til maten, så dei som vil ha nydeleg tapas må melde seg på no før det vert fullbooka. Etter kl 22 vert det fri innslepp av dei som berre skal på dansen. Dansebillett kostar skarve 150 kr.

 Fest laurdag 27.oktober

Sett av datoen, still i finstasen og ta med deg vener og andre kjære på Allhuset kl 20.00.

 Nytt av året er at ein køyrer ein felles avslutning  for heile idrettslaget i Allhuset laurdag 27 oktober kl 20.00. Det betyr at fotballen –ski –friidrett-basket-styrke + supportarar og andre i bygda er hjarteleg velkomne på same festen. Dette vert kjekt, ta med deg din betre halvdel, vener og kjære og bli med du og!

Singel? Ingen problem, då du garantert treff nokre likesinna.

Kleskoden kan vere dress, kjole, dressjakke med dongeribukse osv. NB. Hugs nypolerte dansesko.

Det vert til dømes utdeling av vanlege og uvanlege prisar. Deretter vert det servering av tapas og dessert før levande  musikk av Hopland og Schei vert spelt frå scena slik ein kan svingje seg ut i dei nattlege timane. 

.
Pris med mat og dans er latterlege 250-,

Aldersgrense er 16 år. 

Vel møtt:)

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2