Opprustning av Eikefjord skule gjekk i går gjennom i formannskapet. Budsjettet som no ligg føre på ca 100 mill vart vedtatt, medan eit mindretal på 3 gjekk inn for eit noko lavare budsjett.
Eikefjordingane i salen var godt fornøgd med at dei to store partia står ved sine lovnader.
Enkelte hevder det har vore ein gedigen budsjettsprekk i prosjektet. I det første budsjettet var mykje ikkje med, medan ein no har fått med alle kostnader ein veit kjem. I det nye budsjettet er tatt med innkjøp av tilleggsareal rundt skulen, bussoppstillingsplass, sykkelparkering, økt bilparkering, inventar (pultar og møblar) og det ligg også inne midler til å pusse opp småskulen.
Neste store milepel for skulen er bystyret tirsdag 6. november, med start kl 17:00. FAU har via tekstmelding oppfordra foreldre til elevar på skulen til å stille på dette møtet.
På formannskapsmøtet stilte Anders Ola Sunnervik for AP, Heidi Rimmen og Ingvar Torsvik Myrvollen for FAU på skulen, Rektor Heidi Humlestøl Åsen og Trine Hovland frå skulen samt Lars Terje Standal.
Eikefjordingane håper at H og AP står ved sine lovnader i bystyret og stemmer prosjektet fram sjølv om det vil ta største delen av innvesteringane til Flora Kommune for 2013-2015.