Skuleprosjektet som har gått frå seier til20140504-250-pengesekken seier gjennom bystyret fekk nok sitt endelege nådestøt når anbudsprisane sprengde budsjettet med enda 26 millioner oppå dei millionane som har blitt lagt til tidlegare.

Forslaga om vegen vidare er mange, men alle er einige om at det må gjerast noko med skulen i Eikefjord. Mykje vil det koste, men det vert ikkje billigare å vente. Her er det berre å kaste seg rundt, klargjere tomtevalget og få eit nytt prosjekt i land.

Ein bør i denne prosessen også sjå på prosjektorginisasjonen. Hittil har skulen sin administrasjon saman med kommunen vore sentral - og feila grovt. No bør profesjonelle få jobben så vi kan få ny skule i Eikefjord uten den store budsjettsprekken.

Anders Ola Sunnarvik var raskt ute og forslo at ein kunne ta grasbana på Idrettsparken og bygge skule der. Enkelt og greitt forslag - ferdig opparbeidd grunn og infrastruktur er lett å opparbeide. Idrettslaget, med Per Øyvind Sørbø og Lars Terje Standal var sjølvsagt raskt på pletten og avviste forslaget. Per Øyvind meinte at forslaget var som å forslå å bygge ny skule i Florø på Idrettsbana der ute.
Lars Terje meiner at ein må sjå vidare på den plassen ein har og utrede kva som kan gjerast der. Ein ting er sikkert - det er ein sentral plass i bygda og såleis ein svært godt egna plass for skulen.

Ser ein seg om etter andre byggeplasser for skulen som er nær sentrum har ein mange valg.

Noværande skuletomt
Ved/på IdrettsanleggetFlata nedanfor Atle Hopen
Marka til Ålen nedanfor nye riksvegen
Skaret på haugen bak kyrkja
Knapstadbakkane innanfor Kjell Eikefjord
Lyngneset

Uansett kva løsning ein går for må infrastrukturen med i betraktningane og dette vil bli dyrare etter lengre ein går ut frå sentrum.

Eikefjord går igjen mot spennande tider med skuleprosjekt, til slutt vil nok kommunen lande på eit prosjekt som blir bra både for Eikefjord og kommuneøkonomien.

Eikefjord.net
OAEndestad

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2