Eikefjord - ein god plass å bu.

Frå Kvalvik og Hovland har det frå gamalt vorekart-250-kvalvik-eikefj fleire måtar å komme seg til Eikefjord sentrum. Frå Kvalvik kunne ein gå inn i Havna og bruke båt derifrå og inn til sentrum. Var det fjære sjø kunne ein gå inn fjæra. Frå yste Hovland kunne ein gå ned til sjøhusa og ro innover eller gå fjæra. Var det flo sjø måtte ein opp på Stien. Herfrå kunne ein nytte Kjerringestien eller Stokkestien ned til sentrum om ein ikkje følgde kjerrevegen om Øvrebøen.

I samband med dagsverktilskota i 1920-30 åra vart det bygt mange kjerrevegar i Eikefjord. Vegen frå Kvalvik til Eikefjord sentrum vart nok også bygt / utbetra i denne perioden. Vegen er nemnt som Hovland kretsveg i herradstyreprotokollane.

Vegtrase

Vegen starta ved nausta i Kvalvika, gjekk over opp i tunet i Kvalvik. Her gjekk den inn Kvalvikedalen nede i flata og inn til Stadion. Vidare inn ovanfor huset på Kvia.  Vegen til Eikefjord fortsette innover med va der ein kunne køyre på eit berg gjennom elva. Vaet gjenom Hovlandselva var omtrent der brua er idag.
På Kvia var det veg nedover bøen og inn i Havna på nedsida av elva. Ved stor elv måtte ein gå denne vegen og bruke brua i Havna og vidare opp Kleiva eller bruke båt inn i sentrum.
Derfrå gjekk vegen inn nedanfor Hojin – restane av vegen kan ein sjå i bærhagen nedanfor huset. I garden mellom Hojin og Bakken nedunder bakkane var grind. Vegen fortsette inn nedanfor Bakken. Her finn ein vegen igjen nedanfor huset. Vegen gjekk inn i Smetuent og vidare inn i Innigarden og Hogane. Innanfor Hogane vart det bygt bru over inste Hovlandselva og vegen gjekk vidare innover Stien.
Også innanfor Hogane var det eit va før brua vart bygt. Vaet låg eit stykke innanfor der brua er idag.
På Rasteplassen finn ein igjen vegen på nordsida av haugen på Rasteplassen. Derfrå gjekk den inn til Reiele, grinda ovanfor Øvrebøen. Vidare ned på Øvrebøen og ned til Eikefjord sentrum omtrent i same trase som idag.

Sjøvegar

Alle gardane på Hovland hadde sjøvegar.
Frå Hojin gjekk dei rett ned bakken og ned på Jarane. Vidare rett nedover langs gjerdet, inn og ned Kleiva. Dei hadde sjøbu innafor Bakkebua.
Frå Bakken gjekk vegen rett nedover bøen og ned Kleiva. Sjøbua var Bakkebua – ein av dei store tønnefabrikkane.
Frå Smetunet gjekk ein nedover bøen og utover nede i flata. Så ned Kleiva og inn til sjøbua som låg rett innanfor Bakkebua.
Frå Innigarden gjekk vegen rett ned lia nedanfor huset. Dei gjekk så inn og ned vegen som låg omtrent der vegen ned på Kommunekai ligg idag. Her er også sjøbua til Innigarden. Innigarden og Hogane hadde også ei notahengje i lag rett utanfor der komunekaia er.
Frå Hogane gjekk vegen også ned lia som den ligg idag, men siste stykket ned på vegen gjekk ut og ned der Vegvesengarasja står. Her møtte den vegen frå Innigarden og gjekk ned til Notahengja. Litt lengre inne er sjøbua til Hogane – Nilsbua.
Vegen frå Komunekaia og ut til Bakkebua vart laga av Ola Hovland for å kunne motta lastebillass til tømmefabrikken. Den blei opna ein 17.mai for at toget kunne gå forbi her – opp Kleiva og inn til skulen igjen. Sidan er vegstubben kalla Maivegen.

Dagens status på vegen.

Kvalvik – Hovland - Eikefjord vart nedlagt når vegen Florø – Førde blei tatt i bruk.
Det offentlege yter ikkje midlar for å vedlikehalda vegen, men det betyr ikkje at dei har gitt frå seg rettane sine. Det blir opp til brukarane av vegen å vedlikehalda vegen til det bruk som dei måtte ha.
At det offentlege ikkje har gitt frå seg rettane sine til vegane betyr at den er open for bruk. Private kan ikkje legge hindringar i vegen for denne bruken, men har etter gamle rettar lov å sette opp grinder. Desse grindene vart i tidlegare tider godkjent av kommunestyret og må sannsynlegvis det no også.

kart-600-kvalvik-eikefj

Nyheter

Nyheter 2023

OddA - 03 oktober 2024

Som ein ser av oppdateringer på Eikefjord.net er nettstaden sett på pause. Eikefjord Grendalag...

Nyheter 2023

OddA - 12 mai 2024

Nyheter 2023

Anne Karin Vassbotten - 08 april 2024

På Steinvik Fiskefarm Visningssenter. Steinvik i Høydalsfjord. Godt skilta frå Eikefjord. 4. mai...

Nyheter 2023

Eikefjord.net har sidan slutten av 90-talet formidla små og store nyheter. Tidene forandrer seg og...

OddA - 22 mars 2024
Nyheter 2023

Anbudet på bygging av to bruer og gang og sykkelveg langs Hovlandvegen er ute på Doffin....

OddA - 10 januar 2024
Nyheter 2023

Torsdag 2. november held Statens vegvesen brannøving i rv. 5 Sundefjelltunnelen. Frå klokka 16.30...

OddA - 30 oktober 2023
Nyheter 2023

Onsdag og torsdag denne veka skal Kinn kommune asfaltere på nokre vegar i kommunen. Knapstadbakken...

OddA - 18 oktober 2023

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2