Eikefjorddagane blei arrangert helga 12-14 august. Regnet tok dei to første dagane, medan søndagen kom med mykje betre veir.
Besøkstalet bar også preg av veiret. På lørdag var det ikkje så mange som i fjor, men på søndag kom nok mange av dei som blei heime på lørdag.
Ordførar Ola Teigen opna dagane og drog fram blandt anna dugnadsånda og at eikefjordingane presenterte ferdig planlagte prosjekt der kommunen berre måtte bidra med ei lita økonomisk støtte.
Ledar i Grendalaget, Brigt Samdal, leda nok eit vellukka arrangement i hamn.
Skulemusikken feirar i år 50 år. Under opninga av Eikefjord dagane blei dei hedra med ein gavesjekk frå Grendalaget.
Også Gråtass hadde jubileum. I 10 år Hhar denne kjære traktoren køyrt barn på tur gjennom sentrum. Han blei hedra med ei jerrykanne med Gråtass logo.
Det er stor spenning rundt Eikefjordprisen. I år var det tid for ein av dei som verkleg dreg lasset og har evna til å sette bygda på kartet. Per Øyvind Sørbø er ein av dei som har ein finger med i nesten alt som blir gjordt i bygda.
Så var det tid for kakebord. Bordet bugna av lekre kaker og søtsaker og folk let seg ikkje be to ganger før bordet var omkransa av barn og voksne.
Årets hovedutstillar var Aud Julie Befring. Her fant du alt frå krukker til krakker og smykkeskap.
Fredag kveld er det kyrkjekonsert, i år med Ytre Suløens Jass-ensemble. Ein verkleg fin opplevelse på denne regntunge fredagen.
Barna har alltid stått i fokus på Eikefjord dagane. Her er mange aktiviteter som ein berre må ha med, og tur med Gråtass er viktig å få med.
Gråtass i regn og Gråtass i finveir, her er alltid mange som vil være med.
4-H teltet er godt og varmt sjølv om regnet piskerute. Nysteikt pinnebrød smakar også godt. Utanfor kunne ein mikse sin eigen smoothie, for eiga maskin.
Nokre av aktivitetane for barn på bilda over. Alltid noko å ta seg til.
Det var også lagt opp til å vise fram gamalt handverk.
Her kunne ein sjå tønneproduksjon, garnbøting og smed.
50 års jubilanten var sjølvsagt i fokus denne helga. Dei starta torsdag med kurs ved Ytre Suløens Jass-ensemble. Fredag var dei på Nesjane der dei fekk låne kantina. Fokus på kurset var å lære å spele utan bruk av notar. Alle deltakarane strålte av glede og Ytre Suløens var fantastisk gode å lære frå seg.
Resultatet kunne vi høyre i sentrum og på scena i kulturteltet. Det svinga godt.
Ein god takk for vel utført arbeid.
Også Florø Drill var med å feire skulemusikken sine 50 år. Flott oppvisning av fleire tropper.
Utstillarane har også ein stor plass på Eikefjord dagane. Nokre kjem igjen år etter år -
det er kjekt å være her.
Mange artige og mange nyttige artikler å velge mellom i dei forskjellige bodene.
Hjerteprosjektet hadde også avduking av monter ved skulen. Rådmann Terje Heggheim fekk det ærefulle oppdraget, godt hjelpt av damene rundt monteren.
Gro Rukan kunne stolt sjå resultatet av prosjektet ho har dratt igang og nyte Rap-en frå skuleplassen.
Inne på skulen kunne ein gi sitt bidrag til hjerteaksjonen.
Det var knytt stor spenning til trekkinga av robåten. Den heldige vinnaren blei Rolf Endestad som vil ro den heim til Florø.
Mat er viktig på Eikefjord dagane kan ein kjøpe billig grillmat og graut. Det er eit fantastisk stort dugnadsløft å holde alle besøkande med mat.