
Thomas og Eirik Fraas har meldt overgang til Eikefjord. Eirik spelte på 4. divisjonslaget til Førde i fjor, medan Thomas har gått skada ei stund.
Thomas har fått tilbake lysta til å spele fotball og vil sjå om han klarer å holde seg skadefri. Han kjenner ikkje noko til den gamle skaden, så no vil han prøve å komme med på A-laget til Eikefjord saman med broder Eirik.
Eirik har også som mål å komme på A-laget, men like viktig er det å utvikle seg vidare som fotballspelar. Når ein bur heime i Eikefjord er det enklast å trene her, seier han.
A-laget er komt igang med sesongforberedelsane med 4 treningar i veka. Målsettinga for sesongen er ikkje lagt, men dei vil nok kjempe i toppen av 4. divisjon som dei har gjordt dei siste sesongane.