Årsmøte til Grendalaget blei avvikla på Allhuset onsdags kveld. Årsmeldinga blei godkjent berre med lovord som kommentarer.
Per Øyvind Sørbø hadde sagt frå seg ledervervet og har blei Kristen Stæger-Breisnes valgt. Med seg i styret får Kristen 3 frå det gamle styret og 3 nye.
Med alle dei ballane som Grendalaget har i lufta blir styret ikkje arbeidsledig med det første. Dei som gjekk ut av styret har sagt seg villig til å hjelpe til slik at det blir kontunuitet og prosjekta blir landa på ein god måte.
For å nevne nokre av prosjekta som er igang kan ein nevne: Eikefjorddagane 18-20 august 2006, Kyrkjebukta, Miljøstranda, Lysprosjektet i Sunnarvik, Øppna landskap.
