ImageEi av dei ivrige medlemmane i koret understreker at det er open pub lørdag og dermed korrigerer vi overskrifta.

Etter mange år med den tradisjonelle korkafeen, satsar blandakoret Koriander i Eikefjord denne våren på noko heilt nytt. Laurdag 20 mai åpnar dei dørene på Allhuset  for alle som likar song og sosialt samvêr. Her kan du nyte våryr korsong og jamvel få prøvd dine eigne songferdigheiter. Gjestekor denne kvelden er Jomentum frå Florø, og Brandsøykoret som nett er ferdige med suksesskonserten ” Ein song om frihet”.

- Vi håper at vi denne kvelden skal kunne gje publikum ei oppleving på fleire måtar, seier Borghild Ødegård Standal  i Koriander. – Vi følte at det no var på tide for kora å prøve noko nytt, og gje korsongen ein ny arena, og kanskje på den måten nå fleire. Vi elskar jo å syngje og vil gjerne nå ut til flest mogeleg, seier ein oppglødd arrangementleiar. I tillegg til song frå dei tre kora vil vi også prøve oss med karaoke. Når så mange ”songfuglar” er samla, burde det bli ”knivskarp konkurranse” og mykje røyle, smiler Borghild Ø Standal.

Og vi tvilar ikkje. Koriander har ved fleire høve markert seg som eit ”sprelsk” kor som skapar liv og røre rundt seg. Difor blir oppfordringa – få med deg korpuben 20.mai. Du vil ikkje angre!

Image
Koriander på korkafeen i Brandsøya

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2