17. mai feiringa starta som vanleg med salutt tidleg på morgonen. Kl 9 var det samlilng på skulen der elevar frå 8. klasse heldt tale for barna. Barnekoret og Koriander framførte sanger før det var oppstilling i barnetoget.
Barnetoget gjekk gjennom sentrum og ein tur oppom omsorgstunet før det enda opp med kirka. Her vart det helde minnetale på kirkebakken før kirketid.
Skulemusikken gjekk så tilbake til Omsorgstunet og hadde ein liten konsert for dei eldre som ikkje kunne komme seg til kirke.
Etter kirketid vaar det servering av rømmegraut og mykje andre godsaker i gymsalen medan barneleikar og vaksenkonkurransar gjekk på skuleplassen. Som eit ekstra innslag var det i år arrangert volleyballkamp mellom damer og herrer på sandvolleyballbane på skulen.
Offisiell feiring av dagen vart avrunda med tale for dagen av Teatersjef Terje Lyngstad, folketog og deretter premieutdeling for konkurransane.