Årets kulturprisvinnarar  høyrer til grunnfjellet innan idrettslaget. Helt sidan starten har dei stått på og gjort ein innsats og fordi dei syns det er kjekt. Det er nærast ein livsstil, seier Dagfrid og Oddmund.

17. mai var dei på Florø Stadion og mottok prisen som vart overrekt av leiar i Kultur- og oppvekstutvalet, Odd Stubhaug og  kultursjef Edvin Helgheim

Les talen til Stubhaug nedanfor

 

FLORA KOMMUNE: KULTURPRISVINNAR  2006

 

Kulturprisen skal utdelast til nokon for lang og tru teneste innan kulturområdet eller for ein spesielt stor innsats innan eitt eller fleire kulturområde. Kultur og oppvekstutvalet hadde også i år mange gode framlegg og kunne gjerne delt ut prisen til fleire som gjort seg vel fortent til prisen, men utvalet måtte gjere eit val.

 

Årets kulturprisvinnarar – det er to av dei – høyrer til grunnfjellet innan organisasjonslivet: Dei som står på og står på og gjer ein innsats for at andre skal ha glede av det. Dei treng ikkje ha mange formelle posisjonar, men er der heile tida, år etter år og gjer den praktiske jobben som må til for at eit anlegg skal vere vellukka, at alt er på plass til at arrangementet skal gå som smurt, og som deltar i gjennomføringa, frå tidtaking til kaffikoking.

 

Vi er  innafor idrettsområde, og vi snakkar om to personar som har mykje av æra for at folk flest, ikkje minst barn og unge frå heile kommunen, har ein skiarena å komme til, preparert og opplyst, og at alt er på plass kvar helg i januar og februar når små og store stemne skal avviklast. Dei køyrer opp løyper, dei køyrer til snø, ser til at lysanlegget virkar, og lar alt dette skje inne på sin eigen gard, nesten inne på sitt eige tun.

 

Dei er ikkje åleine om jobben, både familien elles og mange ivrige slitarar i skigruppa i idrettslaget er med. Men desse to er dei faste og som har stått på i rundt 15 år sidan dette skianlegget kom på plass. Det vart bygt tidleg på 90-talet med masse dugnad, m.a. drog dei til Bremanger og tok ned ei gammal telefonlinje som vart brukt til lys i løypa, ein brakkerigg vart henta annan stad i frå til klubb- og servicehus. 100-vis av ungar, deltakarar på 6-7 stemne kvart år, kan takke desse to at dei får denne sjansen.

 

Kvifor dei legg så mykje arbeid ned? ”Vi er no dei næraste til”, er svaret!

 

Begge to var aktive idrettsutøvarar, han på ski, ho mest innan friidrett. Dei var med i idrettslaget heile tida frå det var starta 1967, og dei følgde opp sine eigne ungar, som vart aktive med i idretten. Dei vil ikkje ta æra for at dei fekk ein OL-vinnar i familien, men grunnlaget og oppfølginga kome heimanfrå!

 

Alt dette har dei gjort fordi dei syns det er kjekt, ”det er nærast ein livsstil”, seier dei sjølve. Men innsatsen er imponerande og umåleleg, og dei er vel verdt ein pris.

 

Kulturprisvinnarar i Flora i 2006 er Dagfrid og Oddmund Humlestøl!

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2