17.mai -talen til Teatersjef Terje Lyngstad er etter det folk seier den beste talen som har vore på fleire år i Eikefjord. Her kan du lese den i fred og ro dersom du gjekk glipp av noko 17. mai.
Det er funne ei tynn sølv-lenke til ein barnebunad etter 17.mai feiringa. Kontakt Trine Tønnesen.
Tale i Eikefjorden 17. mai 2006
Terje Lyngstad
Kjære alle saman, til lykke med dagen! Gratulerer med eit flott 17. mai-arrangement og tusen takk for invitasjonen!
På 17. mai brukar vi som oftast dei store orda. Vi snakkar rosande om fridomen og det norske sjølvstendet, våren og den vakre naturen. Vi er positive, og har all grunn til å vere det. Vi lever i ei tid der vi som nasjon historisk sett aldri har hatt det betre. Vi har på hundre år gått frå å vere eitt av dei fattigaste landa i verda, til å bli eitt av dei rikaste. For hundre år sidan gjekk rundt sytti prosent av ei gjennomsnittsinntekt til mat. I dag bruker vi berre litt over ti prosent av inntekta til å ete oss mette. Vi lever lenger enn nokon sinne og aldri har så mange teke utdanning etter grunnskulen. Vi lever i eit demokrati med stort kulturelt mangfald og stor valfridom. Det er lite forureining i Norge og det er god plass til alle.
Slik har vi det i Norge i 2006. I mange andre land ser det annleis ut. Vi blir stadig minte på det når vi høyrer om krigen i Irak, Irans trugsmål om å starte anriking av uran, hungersnauden i Sudan, den endelause konflikten mellom jødar og arabarar i Midt-Austen og den veksande aidsepidemien i Afrika. Bilete i aviser og på fjernsyn av menneske som lir og døyr, trengjer nådelaust på. Vi kan ikkje la vere å engasjere tankar og kjensler, tru og håp. Kontrasten mellom krigshandlingar og humanitære katastrofer i andre deler av verda, og vårt eige fredelege tilvere, er i det heile tatt kolossal.
Vi skal difor setje pris på fridomen og velferda vår. Dei er dyrkjøpte verdiar vi ikkje kan ta for gitt. Dei treng daglege omkampar for å overleve. Det er godt vi har ein dag som 17. mai, ein dag som gir oss sjansen til å stoppe opp og reflektere over kvifor vi har det som vi har det, og kva vi kan gjere for å verne om dei verdiane demokratiet er tufta på.
Som de alle veit er det grunnlova vi feirer i dag. I 1814, for snart to hundre år sidan, skapte 112 nordmenn ja, dei var berre menn, vi er heldigvis komne eit lite skritt vidare i dag dei skapte ei lov som byggjer på prinsippet om fridom og likskap, og på kjærleiken til eit land som dei meinte hadde krav på det sjølvstendet som ligg i eit eige styresett, med eigne lover og eiga politisk leiing.
Det 17. mai spesielt minner oss om, er dei fellesverdiane som dei fleste står saman om uavhengig av kva som skil oss i politisk oppfatning og livssyn. Ein av desse fellesverdiane kjem til uttrykk i paragraf 100 i grunnlova, den som omhandlar retten til fritt å ytre seg utan sensur ein rett som langt på veg er sjølve testen på om demokratiet fungerer.
Det siste halvåret har teikningane i den danske avisa Jyllandsposten, av profeten Muhammed i ulike karikaturar, ført til debattar og samtalar om ytringsfridomen, òg her til lands. Reaksjonane på teikningane har synt at det finst ei konflikt mellom ytringsfridomen på den eine sida og toleranse og respekt for menneskegrupper med andre syn enn dei som er mest vanlege i vår kultur. Eg trur ikkje at synspunkta som kjem fram i denne og liknande debattar er det viktigaste. Det er viktigare er at det faktisk kjem fram synspunkt, og at dei er ulike, slik at det gjer oss som einskildmenneske i stand til å vurdere kva vi sjølve skal meine om ei sak. Det er sånn ytringsfridomen er med på å fylle funksjonen sin i demokratiet, slik paragraf 100 i grunnlova seier det; trykkefrihed skal finde sted.
Eg trur at den største faren i eit oljerikt og mett samfunn som det norske, ikkje er radikale eller til og med fundamentaliske ytringar. Det er heller sunt at meiningsbrytning finn stad, så lenge det skjer utan vald og på ein balansert og likeverdig måte. Det store trugsmålet for demokratiet ligg snarare i kvar og ein av oss, i haldningane våre, og verst om det gir seg uttrykk i likesæle, det som inntreff når vi tek velferda og demokratiet for gitt, og let deltaking i styre og stell vere noko alle andre kan drive på med; sånt som politikarar og media kan sysle med, mens vi finn på noko anna kjekt.
Men så er det ikkje alltid like enkelt. Vi har fått nye folkesjukdomar dei siste åra. Det er meir snakk om stress enn nokon sinne, unge menneske møter den berømte veggen på jobben og ender opp som utbrente og i verste fall uføre, og dei same menneska har det like travelt i møte med tidsklemma når dei er på heimebane.
Kva kan vi så gjere for å verne om arven frå 1814? Eg trur at engasjement er eit stikkord. Engasjement på ulike måtar og på ulike arenaer. Det kan vere i politisk arbeid i kommunen, i debattar i lokalaviser eller på Internett, som trenar for eit aldersbestemt lag i fotball eller som dugnadsarbeidar i frivillige lag og organisasjonar. Det er i alle desse samanhengane vi møter andre menneske. Det er der vi får brynt meiningane våre og det er der vi får høve til å bidra til fellesskapet.
I ei tid med stress og tidsklemme er det lett å seie at det blir dårleg tid til slikt engasjement, at det får vente til ein annan gong når det blir litt betre tid. Men vi får kanskje aldri betre tid enn vi har akkurat no. For vi lever jo alltid berre her og no.
Det finst eit dikt som eg tek fram av og til, slik at eg skal bli mint på kor viktig det er å vere menneske akkurat no og ikkje berre seinare. Det er skrive av Nadine Stair. Ho skreiv det då ho var 85 år og låg på dødsleiet. Eg vil gjerne få lese det til slutt. På nynorsk har eg kalla det Om eg fekk leve om att.
Om eg fekk leve om att
Eg ville våge å gjere fleire feil neste gong.
Eg ville slappe av og ta det roleg.
Eg ville vere sprøare enn eg har vore i dette livet.
Eg ville sjå mindre alvorleg på saker og ting.
Eg ville ta fleire sjansar.
Eg ville klatre opp på fleire fjell og symje i fleire elvar.
Eg ville ete meir is og mindre poteter.
Eg ville kanskje ha fleire verkelege vanskar,
men færre innbilte problem.
Du forstår, eg har vore ein av dei personane som lever
fornuftig og klokt time etter time,
dag etter dag.
Visst har eg hatt mine stunder,
og om eg fekk leve om att,
ville eg ha fleire av dei.
Eg ville faktisk prøve å ikkje ha noko anna,
berre nye stunder, den eine etter den andre,
i staden for å leve så mange år på forskot kvar einaste dag.
Eg har vore eitt av dei menneska som aldri reiser nokon stad
utan termometer, termos, regnfrakk
og fallskjerm.
Om eg fekk leve om att, vil eg reise med lettare sekk.
Om eg fikk leve om att,
ville eg byrja å gå berrføtt tidlegare om våren
og halde fram med det til seint på hausten.
Eg ville danse meir.
Eg ville køyre meir karusell.
Eg ville plukke fleire blomar.
Så, kjære alle saman, ta vare på alle dei gode usemjene og meiningsbrytingane, ta vare på engasjementet, ta vare på livet her og no. Lykke til med resten av dagen og feiringa!